JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Flaks og uflaks i historia

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johan Sverdrup.

Johan Sverdrup.

Foto: Wikipedia

Johan Sverdrup.

Johan Sverdrup.

Foto: Wikipedia

2767
20230421
2767
20230421

Sist fredag skreiv eg om leitinga etter meining i historia. Denne leitinga var ei verksemd som ikkje var risikofri. Dei som meinte dei hadde funne meininga og visste kvar historia skulle, risikerte å gripe til makt for å hjelpe historia på den rette vegen.

Mange som har funne meininga med historia, har hamna i autoritære og brutale regime. Historia har ofte hatt dårlege vener.

Ein tryggare og mindre styrande måte å tolke historia på er å sjå på henne som eit lotteri, ein tombola, der nokre vinn, og andre taper, nokre har flaks, og andre har uflaks.

Ein treng ikkje å gå langt for å finne folk med uflaks i historia. Polen har hatt uflaks med geografien, der dei ligg mellom fleire aggressive stormakter. Store europeiske hærar som har vandra austover eller vestover, har alle vandra gjennom Polen, der dei har herja og rana. Innimellom har dei tatt seg tid til å dele Polen mellom seg.

Polen har hatt lite glede av grannane sine.

Finland har også hatt uflaks med geografien, der dei ligg mellom to rivaliserande stormakter som begge vil regjere Finland. Fram til 1808, då Russland overtok, var Finland ein sentral del av Sverige. Dei svenske armeane som herja på kontinentet gjennom hundreåra, var fulle av finnar. Og Finland fekk sin romslege del av enkjer og faderlause.

Også finnane har hatt lite glede av grannane sine.

Grannane var noko som berre var der, lagt ut av historia, tilsynelatande utan mål og meining.

Uflaks.

Vi hadde ulik røynsle med grannane våre.

Havet i vest kunne vere farleg og dramatisk. Men det la seg aldri opp i styringsforma for landet vårt.

Grannane i sør og aust – Danmark og Sverige – gjorde det. Gjennom hundreåra fekk dei lagt ned den norske adelen, og det som elles var av mektig overklasse vart svekt og avmagra. For den norske nasjonen var dette uflaks. Nasjonen låg langt på veg nede.

Då nordmennene reiste seg mot svenskekongen på 1800-talet, var det bøndene og radikale byfolk som tok dei tyngste taka. Utan adel og med ein svekt overklasse fann bøndene vegen til politisk makt. Ingen greidde å stanse dei. Dei som kunne ha gjort det, var for veike.

Det norske folket kom til politisk makt før grannane våre.

Vi fekk parlamentarisme, der nasjonalforsamlinga tok makta frå kongen, før grannane våre, som heldt seg både med adel og ein mektig overklasse.

Den norske uflaksen i unionane, der norsk makt vart svekt og nedbygd, vart fram mot hundreårsskiftet snudd til flaks.

Unionstida hadde skapt eit maktvakuum i Noreg. Og no marsjerte bønder og byradikalarar inn og fylte opp nasjonalforsamling og regjeringskontor. Tida var komen for Johan Sverdrup, byjuristen, og Ole Gabriel Ueland, bonden frå Jæren.

Det norske folkestyret var etablert. Motmakta var for veik.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis