Fire ingrediensar

Meny gjer fire fine ord til 51 fordummingar. Det er på tide å ta ingrediensane attende.

Både brødskiver og rundstykke fungerer fint som burgarbrød.
Både brødskiver og rundstykke fungerer fint som burgarbrød.
Publisert

Det er inga overrasking at reklamerobotane til Facebook har funne ut at eg er over gjennomsnittet interessert i mat. Vanlegvis er det ikkje noko problem å oversjå dei lite oppfinnsame skrika: sunnast, enklast, størst vektauke, minst vekttap, mest næringstett, minst næringsfeitt og så bortetter. Men av og til klarer eg ikkje late vere å irritere meg.

Til dømes når Meny hevdar eg kan lage vegetarburgarmiddag på 20 minutt med berre fire ingrediensar: raudbeteburgar, aioli, salat og grovt burgarbrød. Kvifor det er noko å irritere seg over? Matlaging er meir enn å opne ein pose.

Éi råvare

Ordet ingrediens kjem frå det latinske ordet som betyr «inngå», og er i Store norske leksikon definert som «en bestanddel i en blanding». Ein ingrediens bør ha ein rett og klar veg attende til éi, og berre éi, råvare. Ingrediensane i aioli bør vere eggeplomme, matolje, salt, pepar, sennep, eddik og kvitlauk. Alt der er vi altså på seks ingrediensar, og vi veit at aioli, heller enn ein ingrediens, er ein komponent i eit måltid eller ein rett.

Kvifor det betyr noko? Fordi å redusere aioli til ein ingrediens er eit stort steg på vegen mot eit kjøkken der matlaging er å opne ein pose og stille inn tida på ein mikrobølgjeomn. Det er kanskje dit vi er på veg, men eg trur ikkje det er dit vi vil.

Om eg legg saman innhaldslistene i måltidsforslaget Meny gjev meg, kjem eg til 51 ingrediensar. Aiolien, som i dette tilfellet er vegansk og altså ikkje inneheld egg, står for 14 av desse. Med andre ord over dobbelt så mange som i røynda hadde vore naudsynt. Av desse 14 kjenner eg att åtte råvarer: rapsolje, soyabønner, vatn, sitronsaft, kvitlauk, salt, pepar og sukker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement