Ferdigfisk
Fisk frå fjerne farvatn for fjernt frå fornufta.
Norsk tørrfisk? Niks, koreansk hwangtae – frå Alaska-pollock.
Foto: Wikimedia Commons
Kva er nok fisk i ein fiskemiddag? For nokre år sidan fekk Eivind Hellstrøm kritikk for å lage luksusfiskegrateng med berre 21 prosent fisk – sjølv om fisken var klippfisk og altså både meir smaksrik og meir næringstett enn ferskfisk. I 2018 får fiskekaker med 58 prosent fisk terningkast seks i smaks- og ernæringstestar – fordi dei òg inneheld grønsaker.
Vi held med andre ord på å skjøne at prosentane på ferdigfiskeprodukta handlar om meir enn berre kor mange av dei som har opphav i havet. Det handlar òg om kor næringstett resten av ingredienslista er. Og det er det stor skilnad på om gratengen eller kakefarsen er fylt opp med stivelse og sheafeitt, gjærekstrakt og vatn eller om han inneheld olivenolje, blomkål, fløyte og muskat. Ein ferdig fiskerett vert aldri 100 prosent fisk.
Filet er berre fisk
Likevel må ein sjølvsagt vere 100 prosent ærleg. Og det er eg litt usikker på om Findus er når dei på Ovnsbakt Fiskefilet-emballasjen skriv «100 % Filet» med store bokstavar.
For det kan godt hende fiskestykka som er inni, er utelukkande filet. Det skal ikkje all verda til – i motsetnad til i kjøtverda tyder ikkje filet eit særleg fint stykke, berre at fiskefileten er reinskoren og beinfri. Men fileten utgjer berre 52 prosent av innhaldet i forma. Sett i forhold til lovnaden på framsida er det for lite.
Rett skal vere rett, resten av innhaldet kunne vore verre. Her er sju prosent spinat, saus laga på heilmjølk og kveitemjøl og det er funne plass til fire prosent tomatar. Ein kan sjølvsagt spørje seg kva gelatin frå svin bidreg med, og om det eigentleg er naudsynt å putte eit kjøtprodukt òg i denne retten. Hovudinnvendinga er likevel ei heilt anna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.