JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ferdigfisk

Fisk frå fjerne farvatn for fjernt frå fornufta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norsk tørrfisk? Niks, koreansk hwangtae – frå Alaska-pollock.

Foto: Wikimedia Commons

4074
20180511
4074
20180511

Kva er nok fisk i ein fiskemiddag? For nokre år sidan fekk Eivind Hellstrøm kritikk for å lage luksusfiskegrateng med berre 21 prosent fisk – sjølv om fisken var klippfisk og altså både meir smaksrik og meir næringstett enn ferskfisk. I 2018 får fiskekaker med 58 prosent fisk terningkast seks i smaks- og ernæringstestar – fordi dei òg inneheld grønsaker.

Vi held med andre ord på å skjøne at prosentane på ferdigfiskeprodukta handlar om meir enn berre kor mange av dei som har opphav i havet. Det handlar òg om kor næringstett resten av ingredienslista er. Og det er det stor skilnad på om gratengen eller kakefarsen er fylt opp med stivelse og sheafeitt, gjærekstrakt og vatn eller om han inneheld olivenolje, blomkål, fløyte og muskat. Ein ferdig fiskerett vert aldri 100 prosent fisk.

Filet er berre fisk

Likevel må ein sjølvsagt vere 100 prosent ærleg. Og det er eg litt usikker på om Findus er når dei på Ovnsbakt Fiskefilet-emballasjen skriv «100 % Filet» med store bokstavar.

For det kan godt hende fiskestykka som er inni, er utelukkande filet. Det skal ikkje all verda til – i motsetnad til i kjøtverda tyder ikkje filet eit særleg fint stykke, berre at fiskefileten er reinskoren og beinfri. Men fileten utgjer berre 52 prosent av innhaldet i forma. Sett i forhold til lovnaden på framsida er det for lite.

Rett skal vere rett, resten av innhaldet kunne vore verre. Her er sju prosent spinat, saus laga på heilmjølk og kveitemjøl og det er funne plass til fire prosent tomatar. Ein kan sjølvsagt spørje seg kva gelatin frå svin bidreg med, og om det eigentleg er naudsynt å putte eit kjøtprodukt òg i denne retten. Hovudinnvendinga er likevel ei heilt anna.

Norsk fiskeri klagar gjerne over at dei ikkje får vere ein del av sjølvforsyningsgraden – altså statistikken som syner kor mange av kaloriane vi et, som vi produserer sjølve. Sjølv om villfisk ikkje vert produsert, men fanga, kan klaga vere forståeleg. Det er likevel lite truleg at fisk ville synt særleg att i ein kaloribasert statistikk – til det er han for mager.

Hadde vi i tillegg korrigert sjølvforsyningsstatistikken for fôrimport, slik vi burde, ville fiskeriet – eller ved alle høve havbruksnæringa – kome endå dårlegare ut. Hadde vi så korrigert for fisken i Findus’ Ovnsbakt Fiskefilet, og om slik fisk fekk breie om seg, kunne heile sjølvforsyningsbidraget enda opp negativt.

Frå feil hav

Fisken er nemleg torskefisken Alaska-pollock. Han finst ikkje i Noreg, eller i dei nære farvatna våre, i det heile. Tvert om er han fiska i det nordlege Stillehavet.

Noreg fiskar og produserer så mykje fisk at vi må sende 95 prosent av han ut av landet. Vi har altså fisk så vi klarer oss, og vel så det. Eg kan kome på éi årsak til at vi skal trenge å importere fisk tvers over eit heilt kontinent og eit verdshav, og det er at fisken er ein skikkeleg superfisk. Alaksa-pollocken er ikkje det.

Ifylgje Matvaretabellen inneheld Alaska-pollocken akkurat like mykje omega-3-feittsyrer (0,26 gram per 100 gram) som vår heimlege torsk. Proteininnhaldet hjå Alaska-pollock er noko lågare – 16,4 mot 18,1 gram. Han er heller smaklaus enn smaksrik. Ein typisk kvantitetsfisk.

For det Alaska Pollock derimot er, er billeg – og tilgjengeleg i store mengder. Fiskeriet av han er blant dei største i verda, og dei største aktørane er USA, Russland, Kina og Japan.

Truleg fint for dei. Om vi i Noreg ikkje klarer å bruke Alaska-pollock til anna enn å gøyme vekk i ferdigrettar, bruker særleg asiatiske land han som utgangspunkt for ei lang rekke tradisjonelle rettar. Går du på pub i Korea, til dømes, får du gjerne tørka pollock som snacks. Fisk fiska i Stillehavet og foredla i Tyskland, bør heller ikkje vere naudsynt i Noreg. Problemet her heime er heller knappast at prosentdelen filet er for liten, men heller at prosentdelen som kan å skjære til ein filet, er for låg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kan kome på éi

årsak til at vi skal

trenge å importere

fisk tvers over eit

heilt kontinent og

eit verdshav, og det

er at fisken er ein

skikkeleg superfisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis