Feittfri iskrem

Smart iskrem smakar godt. Punktum.

Om du kom over denne issykkelen i ørkenen, ville du helst hatt ein iskrem som var sunn, eller ein som var god?
Om du kom over denne issykkelen i ørkenen, ville du helst hatt ein iskrem som var sunn, eller ein som var god?
Publisert

Korleis kastar ein iskrem? Det openberre svaret på spørsmålet burde vore «det gjer ein ikkje». For kald, mjuk, søt, frisk og glatt iskrem er til for å nytast. Spør du meg, er få ting betre enn ein god mjølkeis med eit eller anna spanande, sprøtt, salt eller surt tilbehør oppi. Altså har eg kasta meg over alle dei nye variantane som har kome i butikken i det siste – og dei vert sjeldan gamle i frysaren. Med berre ein halvliter i kvar rekk ein å smake seg gjennom ein heil del i løpet av ein sommar.

Nett denne fekk likevel dispensasjon frå fryseboksen av litt andre grunnar enn vanleg: Stikk i strid med vanleg praksis hadde eg plukka med meg ein boks Skyr is Salt karamell utan å lese på innhaldslista. Det fekk eg svi for.

Ingrediens utan mat

Salt og karamell er ein glimrande kombinasjon i iskrem, men sjølv ikkje det kan berge denne boksen. Eg merkar det allereie i det eg tek fyrste skeia. Isen er hard og kornete og har den beiske, metalliske smaken av at altfor mange søtstoff har tatt plassen til sukker. Kva er dette for noko?

Jau, det er feittfri, proteinrik is utan tilsett sukker. Ein såkalla «smart*» is, ifylgje produsenten Q-Meieriene. Stjerna syner til påstanden «Proteiner bidrar til å opprettholde muskelmasse. Skyr original islandsk yoghurt is kan inngå som en del av et variert kosthold og en aktiv livsstil.»

Mun det. Kor mange av ingrediensane i iskremen kan eigentleg kallast matvarer? Her er skummamjølk, 19 prosent Skyr (den islandske yoghurtvarianten – rett nok produsert i Danmark) og salt. Men resten?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement