Frå historia

Farten i farten

Albert Einstein gjorde lyset, lysstrålen og lysfarten til nøkkelen for å forstå verda.
Albert Einstein gjorde lyset, lysstrålen og lysfarten til nøkkelen for å forstå verda.
Publisert

I dagleglivet har vi sjeldan vanskar med å vite kva tid vi er i ro, og kva tid vi er i fart. Det er noko vi sjeldan ofrar ein tanke. Vi kjenner tilstanden og er trygge på kunnskapen vår. I godstolen sit vi i trygg ro, medan vi prøver å halde auge med fartsgrensene på vegane.

Dette er ein illusjon. Vi er i fart heile tida. Om godstolen står midt under ekvator, jagar jordrotasjonen oss rundt med ein fart på 46,5 meter i sekundet, 1660 kilometer i timen. Samtidig jagar jorda vår rundt sola med ein fart på 29,8 meter i sekundet, berre 108 kilometer i timen.

Det går fort, også om vi skulle sitte dørgande stille.

Då Copernicus lanserte sine tankar om universet, der jorda ikkje lenger låg i ro i sentrum av universet, medan alt anna roterte rundt jorda, vart han møtt med tvil og mistru. Om jorda rørte seg, som Copernicus sa, måtte vi vel merke det? Og det gjorde vi altså ikkje.

Galileo Galilei formulerte i 1632 dei generelle lovene om rørsler. I ein tekst som ettertida har gjort klassisk, forklarte han fenomenet med at jorda rørte seg utan at vi merka det: Steng deg inne med ein venn i det største rommet under dekk på eit stort skip, der det også er fluger, sommarfuglar og liknande flygande småkryp. Det er også eit stort kar med vatn med små fiskar i der. Høgt oppe hengjer du eit lite spann som det dryp vatn frå, ned i ein annan vasstank med trong opning, som står rett under det vesle spannet.

Medan skipet ligg i ro, observerer du grundig korleis dei flygande småkrypa rører seg med same fart overalt i rommet. Ein ser at fiskane sym likeglade i alle retningar. Dropane frå det vesle spannet treffer alle opningar i den oppsette vasstanken. Og om du kastar noko til vennen din, treng du ikkje bruke meir kraft i kastet i den eine retninga enn i den andre om avstanden er den same. Og om du hoppar jamsides, som det heiter, hoppar du like langt i alle retningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement