Erter

Ei lita ert har gjeve oss stor arvelære.

Mange erter små gjer godt for jord og kropp.
Mange erter små gjer godt for jord og kropp.
Publisert

Prinsessa på erta eller erta, berta? Same, det, så lenge det ikkje er erter i nasen, eller nokon som ertar eller for den del fj-ertar, men det må vere lov å leike med maten – særleg når maten er så leikbar som ein gjeng med erter. At dei runde kulene skal etast med gaffel og ikkje med skei som sine blå kulesystrer, gjer det heile nærast latterleg.

Men erta i seg sjølv skal vi ikkje le av. Sjølv ikkje når ho lid under eit syttitalsaktig preg av rekekabaret, amerikansk grønsaksblanding og svinesteik. For erter er verkeleg små forundringspakkar av smak, nytte, moglegheiter og god agronomi.

Om du lurte: Ja, vi kan dyrke erter i Noreg. Både gule og grøne og ei rekke andre erter høyrer heime i erteblomefamilien, noko som tyder at vi ikkje berre kan dyrke dei; vi bør dyrke dei.

Nitrogenfiksaren

Vekstane i erteblomefamilien kan nemleg noko Hydro og andre brukar millionar av kroner og CO2-ekvivalentar på å etterlikne: hente nitrogen rett ut av lufta. Ein stad mellom to og fem prosent av ei plante er nitrogen. Næringsstoffet er ein viktig ingrediens i mellom anna aminosyrer, protein og klorofyll. Utan nitrogen, ingen fotosyntese, med andre ord.

Lufta vi har kring oss er omlag 80 prosent nitrogen. Slik sett skulle det vere nok av henne til alle planter. Men ikkje alle planter har reiskapar for å flytte nitrogen frå lufta til sitt eige rotsystem. Det har erta og dei andre erteblomane fiksa gjennom ein særs fordelaktig symbiose med bakteriefamilien rhizobium. Rhizobiumbakteriane kan nemleg hente nitrogen frå lufta. Dei kan derimot ikkje gjennomføre fotosyntese eller skaffe seg sukker på endre måtar. Difor heng dei seg på røtene til erteblomefamilieplantene og byter nitrogen mot sukker – ein avtale alle er nøgde med. Ved å dyrke erter og andre erteblomar får bonden «gratis» nitrogen til jorda og plantene sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement