Eplejuice

Å dette mellom stolar kan gje god press.

No er det tid for å hauste inn i eplehagane rundt om i landet.
No er det tid for å hauste inn i eplehagane rundt om i landet.
Publisert

Det var ein gong ein eplejuice. No er det mange. Det er ikkje så rart, kanskje, sidan vi drikk meir og meir slik leskande væske. Eller bør eg stile argumentet andre vegen – at fleire typar eplejuice i butikkane no enn tidlegare vil seie at vi drikk meir enn vi pleidde?

Ikkje godt å seie. Utviklinga i norsk eplejuiceforbruk har nemleg synt seg vanskeleg å verifisere. Rett nok syner Statistisk sentralbyrås forbrukarundersøking at vi drakk 14 prosent meir fruktjuice i 2012 enn i det førre tusenåret, men det kan like godt vere fordi såkalla moderne menneske juicar alt mogleg, frå gulrøter til spinat.

Mellom usunn og sunn

I stor grad dett juicen mellom to stolar: Det utskjelte og usunne brusforbruket og det sunne og ovundra vassforbruket. Kanskje er det ikkje så gale likevel. Vi har viktigare statistikk å føre enn kva pressa frukt folk føretrekkjer. Og mykje tyder på at framstillinga plasserer eplejuicen der han høyrer heime: ikkje heilt sunn, men ikkje heilt usunn heller. Det er sjølvsagt sunnare – ganske mykje sunnare òg – å ete heile eple enn å berre drikke juicen. Fyrst og fremst av di fiber ikkje vert med over i kartongen. Ein del flyktige vitamin vil heller ikkje stå seg like godt gjennom juicepressa – i det minste ikkje like godt som det særs haldbare fruktsukkeret sjølvsagt gjer. Og etter kvart held vi på å skjøne at naturleg førekomande fruktsukker per gram ikkje er mindre skadeleg enn tilsett sukker: Kor usunt sukker er, handlar i stor grad om kor mange nyttige stoff vi får i oss i same bit.

Kanskje har vi til og med viktigare årsaker til å diskutere dei ulike variantane eplejuice enn kor sunn han er for kvar enkelt av oss. Smak, til dømes, eller kva med pris?

Ein og ein halv liter Xtra Eplejuice hos Coop kostar 13 kroner og 40 øre. Det vert 8,93 kroner per liter. For å lage juicen er det ifylgje skrifta på kartongen nytta tre kilo eple. Om vi tenkjer at prisen i det minste har vakse 300 prosent frå produsent til kartong i butikk, og då tek vi nok altfor lite i, sit altså produsenten att med godt under ei krone per kilo før ein einaste kostnad er trekt frå. Kor langt må vi reise før vi kjem til eit land der dette er ein pris nokon kan leve av? Og kva tyder det for norske eplebønder at dei må konkurrere mot slike prisar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement