JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Eplejuice

Å dette mellom stolar kan gje god press.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
No er det tid for å hauste inn i eplehagane rundt om i landet.

Foto: Frank May / NTB scanpix

4285
20170922
4285
20170922

Det var ein gong ein eplejuice. No er det mange. Det er ikkje så rart, kanskje, sidan vi drikk meir og meir slik leskande væske. Eller bør eg stile argumentet andre vegen – at fleire typar eplejuice i butikkane no enn tidlegare vil seie at vi drikk meir enn vi pleidde?

Ikkje godt å seie. Utviklinga i norsk eplejuiceforbruk har nemleg synt seg vanskeleg å verifisere. Rett nok syner Statistisk sentralbyrås forbrukarundersøking at vi drakk 14 prosent meir fruktjuice i 2012 enn i det førre tusenåret, men det kan like godt vere fordi såkalla moderne menneske juicar alt mogleg, frå gulrøter til spinat.

Mellom usunn
og sunn

I stor grad dett juicen mellom to stolar: Det utskjelte og usunne brusforbruket og det sunne og ovundra vassforbruket. Kanskje er det ikkje så gale likevel. Vi har viktigare statistikk å føre enn kva pressa frukt folk føretrekkjer. Og mykje tyder på at framstillinga plasserer eplejuicen der han høyrer heime: ikkje heilt sunn, men ikkje heilt usunn heller. Det er sjølvsagt sunnare – ganske mykje sunnare òg – å ete heile eple enn å berre drikke juicen. Fyrst og fremst av di fiber ikkje vert med over i kartongen. Ein del flyktige vitamin vil heller ikkje stå seg like godt gjennom juicepressa – i det minste ikkje like godt som det særs haldbare fruktsukkeret sjølvsagt gjer. Og etter kvart held vi på å skjøne at naturleg førekomande fruktsukker per gram ikkje er mindre skadeleg enn tilsett sukker: Kor usunt sukker er, handlar i stor grad om kor mange nyttige stoff vi får i oss i same bit.

Kanskje har vi til og med viktigare årsaker til å diskutere dei ulike variantane eplejuice enn kor sunn han er for kvar enkelt av oss. Smak, til dømes, eller kva med pris?

Ein og ein halv liter Xtra Eplejuice hos Coop kostar 13 kroner og 40 øre. Det vert 8,93 kroner per liter. For å lage juicen er det ifylgje skrifta på kartongen nytta tre kilo eple. Om vi tenkjer at prisen i det minste har vakse 300 prosent frå produsent til kartong i butikk, og då tek vi nok altfor lite i, sit altså produsenten att med godt under ei krone per kilo før ein einaste kostnad er trekt frå. Kor langt må vi reise før vi kjem til eit land der dette er ein pris nokon kan leve av? Og kva tyder det for norske eplebønder at dei må konkurrere mot slike prisar?

Fleire bruksområde

Ein norsk eplejuice kostar mellom 30 og 55 kroner per liter. I det minste i Noreg skil epleproduksjonen seg frå produksjonen av fleire andre jordbruskvarer på minst eitt viktig punkt: Det er dei same sortane eple som går til press som går til konsum.

Gravenstein, Aroma og Discovery er alle tilgjengelege både på tallerkenen og som flytande tilbehør. Produksjonen fungerer slik at eple som ikkje tilfredstiller dei strenge krava til konsum – det handlar om misfarging, ufarleg skurv og for store og for små eple – går i juicepressa. Slik sikrar dei ei viss inntekt til bonden, om kiloprisen ikkje kan jamførast. Slik er det ikkje i korn- og potetverda. Der vert det bestemt alt før åkeren er sådd og sett om avlinga skal gå til konsum (menneskemat direkte), dyrefôr eller potetmjøl eller andre potetindustriprodukt: Fôrkorn, matkorn, mjølpotet og chipspotet er i stor grad ulike sortar.

Dette er ganske kult, både frå eit ressursperspektiv og eit smaksperspektiv. Ikkje minst sidan det er eitt av få høve vi i Noreg har til å få ein skikkeleg smak av norsk matmangfald i den kvardagslege daglegvarebutikken. Vi kan få juice frå Telemark, Lier, Bærum og Oslo, reinpressa av aroma, summerred, gravenstein eller medvitne kombinasjonar av ulike sortar. Det er skilnad i smak, konsistens, bruksområde og utsjånad. Å kjøpe norsk eplejuice har rett og slett vorte ein fest.

Då er det gjerne ikkje overraskande at produksjonen av norske eple ikkje dekker etterspurnaden. Men skal fleire starte med eple – ein produksjon med særs høge etableringskostnadar og lang tid frå investering til inntekt – må dei vite at dei har ein marknad for produkta. Ein marknad som er villig til å betale det han kostar. Sjå etter mangfaldet.

Kjøper eg Xtra Eplejuice? Nei takk, eg heiar på Hardanger, Balestrand, Telemark, Lier og andre eplehagar som både gjer meg utørst og gjev meg noko å tygge på.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å kjøpe norsk

eplejuice har rett og

slett vorte ein fest.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis