Eple og pærer
Moderne fruktproduksjon har sider som liknar andre delar av samfunnet vårt for tida.
Høgt heng dei og høgteknologiske er dei: Moderne fruktproduksjon er ein heil vitskap.
Foto: Frank May / NTB scanpix
Ein gong var det slik at eple og pærer, dei hang på tre, og så datt dei ned, og ferdig med det. Så enkelt er det ikkje lenger. Det vil seie: Newtons lov fungerer sjølvsagt framleis. Vert frukta moden nok, så dett frukta ned. Det er berre det at fruktproduksjon er så mykje meir komplisert enn noko som får plass i ei barneregle.
Ja, under fana «tekniske sider ved moderne fruktproduksjon» kunne vi ha lært oss om podingsteknikkar: om korleis eit frukttre aldri er berre eitt, eller av berre éin sort, sidan ein fruktsort som gjev god frukt, sjeldan gjev gode tre, og difor må ein pode saman to sortar – ein grunnstamme som gjev haldbare tre og ein fruktsort som gjev god frukt. Og om korleis ein på denne måten heilt fint kan få ei heil røys ulike eplesortar på same tre, sidan dei kjem av den same familien og kan vekse på same grunnstammen. Det finst faktisk eit epletre med 80 ulike sortar ein stad i Sarpsborg.
Dette kunne altså ha vorte ein rett så underhaldande fruktleksjon. Men så skjedde det noko tidlegare i sommar som gjer at vi i staden må legge blikket i meir alvorlege faldar: Den 14. juli melde Mattilsynet at pærebrann for fyrste gong er påvist i kommersiell fruktproduksjon her i landet.
Liten bakterie gjer stor skade
Pærebrann er ein bitte liten bakterie som gjer kjempestor skade: På verdsbasis er pærebrann den største skadegjeraren på eple- og pæretre. Bakterien får skot og blomar til å visne raskt, og mottakelege planter kan døy i løpet av eit par år. Bakterien produserer eit slim som set seg på greiner, i blomar eller i pollen, og slik kan smitten transporterast raskt mellom smittsame planter i eit område. Og smittsame planter, dei inkluderer 180 artar i 39 planteslekter. Og sist, men ikkje minst: Det fins ingen kur. Ikkje ei einaste gift tek livet av pærebrannbakterien. Det einaste nedkjempingsmiddelet vi har, er å hogge ned smitta tre og brenne dei.
I Amerika har ein hatt pærebrann i minst to hundre år. I Noreg oppdaga vi pærebrann fyrste gong i 1986, men hard innsats fekk utrydda bakterien att alt i 1993.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.