Frå historia

Ein historisk ruinpark

Hovudbibliotekar Keith Moore viser fram det originale teleskopet til Isaac Newton frå 1672 i Det konglege vitskapsakademiet i London.
Hovudbibliotekar Keith Moore viser fram det originale teleskopet til Isaac Newton frå 1672 i Det konglege vitskapsakademiet i London.
Publisert

Historia er ei grenselaus samling av hendingar i tid og rom. Det er denne uordna samlinga historikarane prøver å ordne og lage oversiktelege forteljingar av. Det inneber at dei historieforteljingane vi får, er laga i eit samliv mellom historikaren og denne uendelege hendingssamlinga. Historikaren pregar det han fortel.

Vestens vitskapshistorie kan forteljast på fleire måtar. Ei variant gjer denne historia til ei forteljing om ein blomstrande kunnskapshage, med stendig nye og rike frukter, frå det greske Jonia for 2500 år sidan fram til Albert Einstein og dagens moderne medisin.

Ei anna forteljing gjer vitskapshistoria til ein ruinpark, med restar av gamle praktfulle byggverk som ei ettertid berre har flytta frå. Her er ruin på ruin, restar av etablert og trygg kunnskap, om universet, om korleis alt vart til, om geografi, om vêr og vind, om ånder, vette og troll og mykje meir.

Om ein ser godt etter, vil ein, overraskande nok, finne små murrestar, restar av byggverk som dei største i denne vitskapshistoria har laga og hatt i hendene, og som no likevel er hamna i denne ruinparken, saman med heile byggverk dei same vitskapsmennene har rasert og sendt dit.

Isaac Newton er av dei aller største i vitskapshistoria. Han endra astronomien og fysikken på sentrale punkt. Eit stort vitskapshistorisk verk har eit eige kapittel som heiter: «Gud baud: La Newton bli skapt.» Newton måtte hjelpe Gud med å gjere skaparverket forståeleg og tilgjengeleg. Og det gjorde han, meir enn gjerne. Verda var annleis etter Newton. Og ettertida heidra han med å gje namnet hans til ei krafteining i mekanikken, ein newton.

Men han hadde også ei sterk historisk interesse. Og her meinte han, sterkt truande som han var, at Det gamle testamentet var grunnboka for all historieskriving. Moses var ein større historikar enn Herodot. Han la ned eit stort arbeid med mykje skriving i å prove at verda var skapt på seks dagar for 6000 år sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement