Frå historia

Ein annan stor opprørar

Pandora slik kunstmålaren Lawrence Alma-Tadema såg henne.
Pandora slik kunstmålaren Lawrence Alma-Tadema såg henne.
Publisert

Den store opprøraren mot Gud var i moseboka slangen i paradiset. Han kom til å endre Guds planar for den verda han hadde skapt. I den norrøne gudeverda var det Loke som stod for opprøret. I den greske gudeverda var det Prometeus.

Prometeus var titan. Titanane hadde makta i verda før gudane på Olympen overtok. Prometeus var også gud for elden.

Elden var ei viktig naturkraft, emne for rivalisering og strid. Zevs, hovudguden på Olympen, hadde tatt elden frå menneska. Prometeus stal elden tilbake. Meir enn det: Han var innom Atenes salar og raska med seg visdom og fornuft.

Med denne stelinga gjorde han det mogeleg for menneska å utvikle eit kulturliv, skriv leksikonet. Han sprengde rammene gudane hadde sett rundt menneskelivet. Han braut vegen for menneskets vandring mot eigen kunnskap, det mosebøkene kallar kunnskapens tre.

Gudane kjende seg truga av den kunnskapen som kunne kome for dagen ved slik farleg ferd. Som i Edens hage måtte slik åtferd straffast.

Prometeus vart fanga og bunden til eit fjell i Kaukasus. Der kjem det stendig ei ørn og hakkar han i levra, organet for kjenslene. Då jamrar han seg slik at jorda skjelv. Skaden på levra gror til att, og ørna kjem tilbake. Slik held dei fram til evig tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement