Frå matfatet
Egg
Egg treng ikkje påske for å få fin farge.
Nei, det er ikkje påskeharen som har vore på besøk – dette har høna klart heilt sjølv.
Foto: pxhere.com
Utgangspunktet for spalta denne veka kan nok med rette kallast flisespikkeri. Men, som dei seier, djevelen ligg i detaljane, og når det er leiande kjøt- og eggprodusent Nortura som står bak brølaren, er det på sin plass å vente seg meir.
Høyr her:
Det handlar om egg. Nærare bestemt brune egg, som Nortura no har byrja å selje i eigne kartongar under konseptnamnet Prior Hønsegården. I omtalen av produktet på eigne nettsider skriv Nortura fylgjande: «Eggene er brune, rett og slett fordi de kommer frå brune høner».
Finn du feilen? Sjølv har eg tre svarte høner trakkande rundt i hønsegarden min. Dei legg ikkje svarte egg. Dei legg for så vidt ikkje kvite eller brune egg heller, men egg som er lyseblå. Det skal vi kome attende til – etter at vi har lært Nortura kva som gjer at enkelte høner legg brune egg.
Fargen ligg i øyret
Hønene som legg dei brune egga som hamnar i kartongane merkt med Hønsegården, er av hybridrasane lohmann brown classic og ISA brown – som er brune. Men at dei òg legg brune egg, er tilfeldig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.