Frå historia
Du eller De?
Kong Olav vitja Sogn ved 800-årsmarkeringa for slaget ved Fimreite. Då møtte han mellom andre Ragnar Thorseth i vikingskipet «Saga Siglar».
Foto: Per Løchen / NTB
Det finst ei vandrehistorie som eg har høyrt i Sogn. Andris Vangsnes, ein eldre heidersmann frå Vangsnes, møtte dåverande kronprins Olav. Er det sant at de i Sogn seier du til alle, spurde kronprinsen. «Ja», skal Andris ha svara, «her seier vi du til alle unntatt til deg og far din.»
Ein annan variant: Ein fin mann vart arg fordi ein framandkar sa du til han. Og framandkaren beit tilbake: «Vi seier no Fader vår, du som er i himmelen. Eg visste ikkje at du var større enn han.»
De som tiltaleform er på bratt nedtur. I Sverige reknar dei med at nedturen starta ein gong på sekstitalet, då Vilhelm Moberg overhøvla Olof Palme i eit fjernsynsprogram, i du-form.
Visdomsverket Kongsspegelen, frå norsk mellomalder, ca. 1250 e.Kr., drøftar problemet. Kvifor skal vi tiltale rikets fremste menn i fleirtal, når vi alltid bed til Gud, som er herlegare og høgare enn alle, i eintal: «Du, Herre, allmektige Gud…»? Det er sonen som spør far sin.
Faren strevar med svaret. Det handlar om Gud, og om alt som har med Gud å gjere, veit lærefedrane meir enn han. Men han vil likevel prøve å svare.
«Eg trur at når det er ordna slik i dei heilage bønene at dei heller er i eintal enn i fleirtal når vi påkallar Guds namn, så er det fordi alle dei som trur på Gud, skal forstå fullt ut at vi trur på éin sann Gud og ikkje på mange avgudar, slik heidne menn for lenge sidan trudde på sju ulike gudar… No skal vi dyrke éin gud, han som alle skapningar tener, og be til han med eintalsuttrykk, for at ikkje falske gudar skal tru at det er dei påkallinga gjeld, dersom vi bruker fleirtalsuttrykk når vi påkallar Guds namn, som om det skulle vere meir enn éin Gud. Til dette kjem også at kortsynte menn kunne tru at det var meir enn éin Gud om namnet hans vart påkalla i fleirtal. Og dette er rett og viseleg ordna slik at den einfaldige og heilage trua ikkje skal ha rom eller villstig som ho kan gå på bort frå den rette allmannavegen.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.