Frå sjakkverda
Dronninghopp
Skodespelarane Lana Turner og Spencer Tracy får instruksar av sjakkekspert Herman Steiner (til venstre) og regissør George Sidney.
Kjelde: https://deludoscachorum.blogspot.com/
I ei tidlegare spalte såg vi korleis sjakken fekk ein plass i Cass Timberlane, ekteskapsromanen til nobelprisvinnar Sinclair Lewis frå 1945. Filmatiseringa av sjakkscena to år seinare var på eit høgare sjakkfagleg nivå. Ofte går det gale når sjakk vert overført til film, men her fekk regissøren profesjonell hjelp av Herman Steiner (seinare internasjonal meister), ein sjakkcelebritet som frekventerte sjakkentusiasten Humphrey Bogart og andre Hollywood-stjerner.
Replikkane vart endra, og Steiner komponerte ei sjakkstilling. Kvit kan vinna med konvensjonelt spel (dronningsjakk på d7), men elles er det ikkje så enkelt for kvit å hindra lauparmatt på f6. Det var her, i filmen, Jinny, den unge rebelske kona, hoppa over bonden i midten og sjakka med dronninga på f5.
Ektemannen Cass, domar i det sivile og svartspelar i partiet, reagerte:
«Dronninga kan ikkje hoppa.» «Kvifor ikkje?» «Eg veit ikkje, det er ein regel.» «Kven fann på det? Kvifor kan ikkje kvinnene laga reglane? Kan henda kan eit dronninghopp forbetra reglane.» «Og kva trur du så ville skje», spurde Cass. «Noko nytt, noko ingen har sett før.» Cass forklarte vidare: «Lat oss seia at du hoppar med dronninga og sjakkar kongen min. Eg går mellom med lauparen og sjakkar kongen din. Du må ta lauparen og mister dronninga. Moroa er over.» «Stakkars dronning. Ho kan ikkje hoppa av di ein mann laga nokre dumme reglar for hundrevis av år sidan. Det er ikkje rettvist.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.