Frå sjakkverda
Eit ekteskap
Hollywoodstjernene Spencer Tracy og Lana Turner i filmen Cass Timberlane (1947).
Sinclair Lewis (1885–1951) vart i 1930 den fyrste amerikanske nobelprisvinnaren i litteratur. I 1935 skreiv han romanen Det kan ikkje skje her om populisten Buzz Windrip som vinn det amerikanske presidentvalet med lovnad om store reformer, patriotisme og tradisjonelle verdiar. Som president innfører han eit totalitært regime og vert den fyrste amerikanske diktatoren.
Forfattaren Lewis var sjakkinteressert og skaffa seg ein sekretær som han kunne spela to parti med kvar dag. I romanen Cass Timberlane. Ein roman om ekteskap (1945) følgjer vi ein konservativ, distingvert domar i førtiåra, Cass Timberlane, og den tjue år yngre arbeidarklassekona Jinny. Cass vil læra kona å spela sjakk og finn fram dei vene elfenbeinsbrikkene han har arva frå far sin:
«Jinny kasta seg over spelet, utan vørdnad for reglane. Ho synte ein motvilje mot tårna, som stod dumme og snauklipte i hjørnet. Ho skjelte ut tårna når dei gjekk til åtak på dei slanke og arbeidsame lauparane. Og kvifor fekk ikkje kongen rokera når han stod i sjakk?
‘Det er ein regel’, sa domar Timberlane.
‘Kvifor det?’
‘Av di det er det.’
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.