Frå historia
Dronning i solnedgang
Den britiske dronning Elizabeth var monark i 70 år. Den eldste sonen, Charles, vart ny monark då 96-åringen døydde torsdag 8. september.
Foto: Hannah McKay / Reuters / NTB
Så er ho død. Dronninga. Og det skjer underlege ting framfor augo våre. Statsoverhovudet i ei fallert stormakt, som har vore på nedtur i heile hennar tid som statsoverhovud, møter i høg alder ein mild død. Og verda stoppar opp.
Det er vanskeleg å tenke seg noko anna dødsfall, på heile kloden, som kunne skape så mange og så sterke reaksjonar. Monarkiet er i prinsippet eit einevelde.
Det stod fram i historia ved at ein fyrste og ætta hans samla makta i sine hender og la dei andre og konkurrerande fyrstane under seg.
I Noreg var det Hårfagre-ætta som tok makta etter blodige oppgjer. Ladejarlen, den største konkurrenten, vart slegen. I Sverige tok Gustav Vasa makta til seg og si ætt. I Danmark vart det grevefeide og borgarkrig før makta var trygt plassert. Oppgjeret om kongen og hans makt vart blodig i England.
Sidan har det gått tilbake med monarkane og monarkia. Monarkane blir færre og færre.
Monarkiet er i strid med politisk tenking på våre kantar siste hundreåra. Makta skal liggje hos folket, ikkje gå i arv frå generasjon til generasjon, slik ho gjer i kongehusa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.