Drinkmix

I vinst eller tap, drikkast skal det uansett.

Publisert

Og der var det over. Slutt på matspaltene som handla om blå, raud, gul og grøn mat, om smoothie for den miljømedvitne, blå vinar og skattelettedessertar. Minst to, mest truleg fire år til neste gong.

Nokon av oss feirar, andre sørgjer. Men trong for store mengder alkohol, det har mange. Kva er vel enklare å helle i seg – utan å tenkje ein augneblink på konsekvensar eller morgondagar eller ein gong komande halvtimar – enn søte, friske, velkomponerte, oppstæsja og fargerike drinkar?

Og med eitt var vi ikkje kvitt fargane likevel. Det er rart med det, når rekka med Gimsøy drinkmix på butikken berre liknar så altfor mykje på valbodrekker og postkassar fulle av løpesetlar: ulike fargar, akkurat same innhald. Bytt ut skule, eldre, helse og innvandring med vatn, sukker, lime og tilsetjingsstoff, og du er i mål.

Blågrøn meiningsløyse

Lat oss byrje til høgre, sidan Caipirinha – flaska med basis for drinken caipirinha – har fått eit svakt blått skjær. Gudane veit kvifor. Caipirinha lagar ein ved å støyte båtar av lime i eit glas med sukker, før ein tilset isbitar og rikeleg med billeg cachaça (brasiliansk sukkerbrennevin). Det burde altså ikkje lyse i blått. Det burde ikkje vere naudsynt å ha verken to fargestoff, syntetisk framstilt aroma – både lime og cachaça er temmeleg smakssterke – eller to konserveringsmiddel i sukkervatnet.

Skal ein gå etter innhaldslista, er Fjellbekk-flaska eit betre val når ein vil lage caipirinha, enn Caipirinha-flaska er. Her er det nemleg heile 28 prosent lime. Men sidan fjellbekk er ein drink som kan innehalde både akevitt og appelsinlikør, og det ikkje er godt å vite kva som ligg bak det løyndomsfulle ordet aroma, kan det like godt sende festen rett utfor stupet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement