JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Drinkmix

I vinst eller tap, drikkast skal det uansett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3801
20170915
3801
20170915

Og der var det over. Slutt på matspaltene som handla om blå, raud, gul og grøn mat, om smoothie for den miljømedvitne, blå vinar og skattelettedessertar. Minst to, mest truleg fire år til neste gong.

Nokon av oss feirar, andre sørgjer. Men trong for store mengder alkohol, det har mange. Kva er vel enklare å helle i seg – utan å tenkje ein augneblink på konsekvensar eller morgondagar eller ein gong komande halvtimar – enn søte, friske, velkomponerte, oppstæsja og fargerike drinkar?

Og med eitt var vi ikkje kvitt fargane likevel. Det er rart med det, når rekka med Gimsøy drinkmix på butikken berre liknar så altfor mykje på valbodrekker og postkassar fulle av løpesetlar: ulike fargar, akkurat same innhald. Bytt ut skule, eldre, helse og innvandring med vatn, sukker, lime og tilsetjingsstoff, og du er i mål.

Blågrøn
meiningsløyse

Lat oss byrje til høgre, sidan Caipirinha – flaska med basis for drinken caipirinha – har fått eit svakt blått skjær. Gudane veit kvifor. Caipirinha lagar ein ved å støyte båtar av lime i eit glas med sukker, før ein tilset isbitar og rikeleg med billeg cachaça (brasiliansk sukkerbrennevin). Det burde altså ikkje lyse i blått. Det burde ikkje vere naudsynt å ha verken to fargestoff, syntetisk framstilt aroma – både lime og cachaça er temmeleg smakssterke – eller to konserveringsmiddel i sukkervatnet.

Skal ein gå etter innhaldslista, er Fjellbekk-flaska eit betre val når ein vil lage caipirinha, enn Caipirinha-flaska er. Her er det nemleg heile 28 prosent lime. Men sidan fjellbekk er ein drink som kan innehalde både akevitt og appelsinlikør, og det ikkje er godt å vite kva som ligg bak det løyndomsfulle ordet aroma, kan det like godt sende festen rett utfor stupet.

Det motsette av kva ein god margarita burde gjere, med andre ord. Her kjem verkeleg stil og styling til sin rett. Kanskje bortsett frå når lista med tilsetjingsstoff vert så lang at ein lurer på om det er ein lauk ein har framfor seg, i staden for ein oliven, og om ein altså heller burde gått for ein eller annan variant av martini. (For ordens skuld: Det er 11 tilsetjingsstoff i Margarita-miksen, og to av dei er merkte med at dei «kan ha ugunstig/negativ virkning/effekt på barns aktivitet/beteende og/och konsentrasjonsevne/koncentrationsformåga»).

Raud overflateflørt

Med det har vi flytta oss gjennom sentrum og ut til våre to raude vener: Tom Collins og Strawberry Daiquiri. Jordbærjenta kan ved fyrste augnekast sjå ut som ho har eit visst innhald – 13 prosent – jordbærjuice. Men har du smakt jordbærjuice nokon gong? Det smakar ikkje særleg mykje jordbær. Blanda med 87 prosent andre stoff pluss kva alkohol du no måtte ha for handa, er det klart kjemien spelar hovudrolla her òg.

Då er det på mange måtar greiare med San Francisco. Han latar i alle fall ikkje som han er noko anna enn det han er: drinkmix med smak av banan og appelsin (mi utheving). Så får det vere at han smakar eklast av dei alle.

Til sjuande og sist er det vel slik det er. Vi vaknar om morgonen og angrar. Vaknar og ynskjer at vi hadde tatt grep, miksa drinkane sjølv, med ingrediensar som faktisk var det dei gav seg ut for å vere, og smakte reint, utan bismak av laboratorium langt frå røyndommen, basert på vekstar med beina planta i jorda og hovudet mot stjernene, ikkje omvendt. At om livet skal fargast med ekte innhald eller juks, er opp til oss sjølve.

Vi kan byrje med å byte ut såkalla enkle løysingar med eit ekte mangfald: det som veks i jorda, og som vi må bruke både kniv, hender og ei viss mengde tankeverksemd på, skal det smake godt, sjølv saman med store mengder alkohol. God dagen derpå.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rekka med Gimsøy

drinkmix på butikken

liknar berre så altfor

mykje på valbod-

rekker og postkassar

fulle av løpesedlar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis