JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

«'Sanger-Hans' er ufortent fråverande i alle våre litteraturverk»

Diktet: «Tone fra Tigerstaden» av Hans Aleksander Hansen

Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2860
20240223
2860
20240223

I dag ein lyrikar som er gløymd av mange. Ein einaste stad er han lyft fram, av August Mauritzen, redaktør for viseantologien Toner fra Tigerstaden (1974), ettersom Hans Aleksander Hansen hadde vunne Dagbladets konkurranse om kven som kunne skrive den beste Oslo-songen.

Visediktaren – fødd på Jevnaker 1911, oppvaksen i Drammen, død i Sandefjord 1983 – vart mykje omtala då han gav ut samlinga Løsgjengerviser (1964) og seinare Det lyriske fattighus (1969). Etter debuten tok han til å turnere som lyrikar og føredragshaldar – og song inn ei plate Balladen om en cellesanger (1974), som også var tittel på Bjørn Bjørnsens biografi frå året før.

Tilværet vart enklare då Hans Aleksander Hansen i 1970 gikk inn i eit lukkeleg sambuarskap for resten av livet. Men «Sanger-Hans» – som han vart kalla av kompisane sine på Opstad tvangsarbeidshus på Jæren, der han sat som lausgjengar i elleve år – er ufortent fråverande i alle våre litteraturverk. «Prinsen» er Mangelsgården i Storgata 36 i Oslo.

Han hadde ein vanskeleg oppvekst, med far som forlét heimen, vart sjølv tidleg arrestert for fyll, alkoholmisbruk heile livet – men glad i å skriva var han, fekk stubbar på trykk i aviser, vart lagd merke til av Alf Prøysen. Det var visene som var det viktige, om fattigfolk, arbeidssluskar, taterar, sjøfolk, krigssiglarar – samfunnets nedste: lausgjengarane.

Bjørn Bjørnsen samanfattar det slik: «Forfatterens uvørne formuleringer og fargerike bilder i miljøskildringer fra fengsler og anstalter injiserer praktisk talt lukt, lyder og stemninger i leseren. Ikke minst formidler han sårbarhet og sårhet i mennesker utenfor det aksepterte.»

Men ikkje heilt gløymd: Merete Sejersted Bødtker gjorde ein flott heilfigurs statue av «Sanger-Hans» i 2021, som står i amfiet ved nybygde Portalen, på Union Brygge i Drammen.

Jan Erik Vold

Tone fra Tigerstaden

I gamle Krist’jania ved Akersælva

gikk far min fyllesjuk og lei seg sjæl,

om laddevinen ga’n den store skjælva,

han viste mor mi at han hadde tæl!

I halmen lurvegutten ga Vårherre

bevis på manndom og på Bibeltru:

Vi skal formere oss og alt det derre

fikk mamma høre av ei røst så ru.

I året nitten hundre og firogtjue

fikk fødebyen min et saganavn.

Den døptes Oslo, det var høl i hue,

for like jævelig var sult og savn.

Hvis gutta erta meg, og sa du tø’kke,

jeg reiv ner skilta både her og der,

og mere til, jeg kunne veska nøkke

fra Oslo-hora til en prop’ritær.

På «Prinsen» havna jeg, den svære borgen.

I hovedstaden er min bolig kjent.

Så godtfolk sier: sosialomsorgen

var sjenerøse mot et stort talent.

Jeg skriver sangene på sottesengen

foruten dikterlønn til siste sjau.

Men Albert Nordengen og hele gjengen

vil synge visa mi – når jeg er dau!

Hans Aleksander Hansen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis