JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

Diktet: Klaus Hagerup

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Klaus Hagerup

Forfattar Klaus Hagerup

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Forfattar Klaus Hagerup

Forfattar Klaus Hagerup

Foto: Gorm Kallestad / NTB

2540
20240412
2540
20240412

Klaus Hagerup (1946–2018) var ein elska og mangfaldig diktar, skodespelar og dramaturg, politisk venstreorientert. Det kunstnarlege hadde han fått med seg heimanfrå, som son av Inger Hagerup. Han prøvde lenge å halda seg unna det skriftlege (ved å kasta spyd, fortel han), men vart likevel dregen inn, som ein litteraturens altmoglegmann.

Han debuterte med diktsamlinga Slik tenker jeg på dere (1969), hadde teke dramautdanning i England og på Teaterhøgskulen i Oslo, drog til Tromsø og etablerte Hålogaland Teater, med suksessframsyninga Det e her æ høre tel (1973), som gjekk i fleire år. «Sangen om nødvendigheten av å stå sammen» ymtar om lokalpolitiske tema, med fråflytting frå småmiljøa nordpå.

No var skrivinga i full gang, med ei rekkje skodespel og høyrespel, Brecht-inspirerte iblant. Biografien hans om Inger Hagerup, Alt er så nær meg (1988), gjev mykje også av Klaus’ tilvære. Det kom ei lang rekkje barnebøker og ungdomsromanar, ofte prislønte – seinare også vaksenromanar. Saman med kona Bibbi Børresen skreiv han eit par reise- og matbøker frå Italia.

Klaus Hagerup var sosial. Han samarbeidde med mange. Han budde i Fredrikstad etter åra nordpå, ei kort tid saman med mora, på slutten av livet hennar. Døtrene Hilde og Hanne er vortne forfattarar, slik den eldre bror hans, Helge Hagerup, også var det.

Men dikta?

Det vart med den eine samlinga. Dikt har likevel dukka opp i fleire samanhengar. «Skraphandlerens vise» vert framført av Alf Cranner på Cranners siste album Presang (2019), saman med Knut Reiersrud.

Det imøtekomande er det dominerande i Klaus Hagerups vesen. «Ingen skal kalle livet skrap.»

Jan Erik Vold

Skraphandlerens vise

Jeg knuser biler og gamle kabler,

jeg er på bunnen av livets sjakt.

Jeg kan fortelle deg gamle fabler

om livets kretsløp og livsforakt.

Om alt som kommer til skrapets verden

og støpes om mellom liv og liv.

En gammel sykkel ble vrak, nå er den

et lite hjul i et lok’motiv.

I verden gjelder de gamle lover:

Når du er brukt opp så må du bort.

Men her hos meg hvor de døde sover

skal de stå opp som de før har gjort.

En gammel symaskin noen glemte,

skal klippe gress og bli født på ny.

En gammel cello som ingen stemte,

skal bli et bur der en fugl kan fly.

Og skrapets verden er den jeg bor i,

og jeg er konge for verdens skrap.

Ja, denne verden, den er jeg stor i,

og mine seire er livets tap.

Men alt jeg får, vender snart tilbake

til nye hyller i nye skap.

Og det er høyt under himmeltaket,

og ingen skal kalle livet skrap.

Klaus Hagerup

Melodi: Alf Cranner

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis