Den sterke trua

To scener frå «Blodbadstavlan»: To biskopar vert halshogde til venstre. Til høgre grev dei opp kista med liket til Sten Sture.
To scener frå «Blodbadstavlan»: To biskopar vert halshogde til venstre. Til høgre grev dei opp kista med liket til Sten Sture.
Publisert

Same kor ein leitar i historia, vil ein finne trua som tankeformande aktør. Menneska har trudd på gudar, naturkrefter, politiske profetar og idear, på andre profetar, nær sagt på kva som helst.

Det er sagt og tenkt mykje om trua, kanskje først og fremst i Bibelen, ankerfestet for kristentrua i kulturkrinsen vår.

Trua er sterk. Ho kan flytte fjell, seier Matteus og Paulus. Og ho er trygg og gjev full visse til von og draumar, som Hebrearbrevet skriv.

Men det er éin type aktør den sterke trua alltid har hatt problem med: anna sterk tru.

Noko av det styggaste historia har å vise fram, er situasjonar der sterk tru står mot sterk tru. Religionskrigane, både i kristendommen og islam, er barbariske og blodige.

Lærestridane der sterk tru rår, som blant politiske ekstremistar til høgre og venstre, fører eit rått, grotesk og brutalt språk, som lærestridane blant religiøse med sterk tru også kan gjere det, uansett religion. Luther var svært stygg i munnen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement