Den nære historia
Sauer på Jæren.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Historie finst over alt, også i dei nære hendingane. Familiar er fulle av historie. Ofte grip den store verda og det store samfunnet inn i livet i dei nære småsamfunna og pregar det som hender der, og dei som lever der. Det er først ei sein ettertid som kan sjå mønsteret i det som hende.
Far hadde tolv søsken. Det hadde mor også. På det meste hadde eg 72 søskenborn. Far og mor var begge av dei yngste i sine flokkar. Det medførte at eg var av dei yngste av alle desse søskenbarna. Siste åra har talet minka sterkt, år for år.
Far voks opp på Skartveit, mor på Byre, to småøyar med ein liten rotur imellom. Mor og far vart konfirmerte saman i Fister kyrkje, hovudkyrkja i soknet.
Kva dei levde av med desse store barneflokkane, er gåtefullt. Begge heimegardane var det vi i dag ville kalle elendige gardar, stein og knausar og litt myr. Mor omtala alltid største åkeren heime som Storåkeren. Namnet var langt meir imponerande enn åkeren var, ein liten jordflekk.
Av søskenflokken til far reiste seks til Amerika. Dei fleste vart sauegjetarar i Montana, far også. Eit stykke på veg gjekk jobbane i arv. Etter nokre år kom dei heim med pengar på bok og vart bønder på ryfylkeøyane. To av dei vart att i Amerika, ein laksefiskar og ein forretningsmann.
Ingen i fars søskenflokk fekk høgare utdanning. Det var ein utveg som ikkje fanst. Far fekk ein jordbruksskule, broren ein snikkarskule.
På Skartveit var det fleire ungdommar som drog til Amerika, også til Montana. Far møtte fleire barndomsvener der. På Byre, ei lita øy med tre små gardar, var det ingen som reiste til Amerika. Dei måtte finne arbeid annanstad. Eldste bror til mor vart politimann før han fekk gard. Ei søster vart sjukesøster. Mor sydde i Stavanger før ho vart tenestejente på ein gard på Finnøy.
Men tre av søskenflokken på Byre kom på lærarskule. To av søstrene dreiv vekselbruk. Den eine gjekk på skule, medan den andre var i arbeid og skaffa pengar. Når skulegangen var over, bytte dei roller, og begge vart fullt utdanna lærarar – og dei to lærarane kunne hjelpe nestemann, den yngste i flokken, gjennom lærarskulen.
Og mor? Ho fekk ein vinter på ein folkehøgskule som ho aldri gløymde: lærarane der, norsktimane, songane. Mor song mykje.
Så vart ho frå Byre gift med far frå Skartveit. Far og bror hans kjøpte ein konkursgard på Finnøy. Den store historia, trettiårskrisa, greip inn og kasta ein stor barnefamilie ut av heimen sin.
Dei to brørne skapte ein mønstergard, spesielt for sauehald. I nokre år hadde vi ein av dei beste dalaflokkane som var, og mykje fint sauefolk kom og gjekk hos oss.
Eg har tatt vare på ei sauebjølle med klave. På klaven står det «Brødr. Skartveit Steinnesvåg». Eg ringjer med henne når maten står på bordet.
Det var nært mellom øyane i Ryfylke. I ettertid er det sagt at innavlen i Ryfylke tok slutt då påhengsmotoren kom.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.