Den nære historia

Sauer på Jæren.
Sauer på Jæren.
Publisert

Historie finst over alt, også i dei nære hendingane. Familiar er fulle av historie. Ofte grip den store verda og det store samfunnet inn i livet i dei nære småsamfunna og pregar det som hender der, og dei som lever der. Det er først ei sein ettertid som kan sjå mønsteret i det som hende.

Far hadde tolv søsken. Det hadde mor også. På det meste hadde eg 72 søskenborn. Far og mor var begge av dei yngste i sine flokkar. Det medførte at eg var av dei yngste av alle desse søskenbarna. Siste åra har talet minka sterkt, år for år.

Far voks opp på Skartveit, mor på Byre, to småøyar med ein liten rotur imellom. Mor og far vart konfirmerte saman i Fister kyrkje, hovudkyrkja i soknet.

Kva dei levde av med desse store barneflokkane, er gåtefullt. Begge heimegardane var det vi i dag ville kalle elendige gardar, stein og knausar og litt myr. Mor omtala alltid største åkeren heime som Storåkeren. Namnet var langt meir imponerande enn åkeren var, ein liten jordflekk.

Av søskenflokken til far reiste seks til Amerika. Dei fleste vart sauegjetarar i Montana, far også. Eit stykke på veg gjekk jobbane i arv. Etter nokre år kom dei heim med pengar på bok og vart bønder på ryfylkeøyane. To av dei vart att i Amerika, ein laksefiskar og ein forretningsmann.

Ingen i fars søskenflokk fekk høgare utdanning. Det var ein utveg som ikkje fanst. Far fekk ein jordbruksskule, broren ein snikkarskule.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement