JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Den lange vinteren

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fimbulvinter. Målarstykke av John Charles Dollman (1851–1934).

4431
20171117
4431
20171117

Dei fleste kulturar har ei forteljing om korleis det heile starta, ei skapingssoge. Og dei har ei forteljing om avslutninga. Det ser ut til at det er innebygt i mennesketanken eit krav om at alt må ha ei grense, også tida. Det tidlause, grenselause, evige ser ut til å vere ein uhandterleg tanke. Og det er gjerne gudane som har hand om tida, når ho byrjar og når ho må avsluttast.

I vår kulturkrins overtok vi den jødiske skapingssoga, medan kristendommen og Johannes på Patmos gav oss apokalypsen, avslutninga. Rommet for historia er rommet mellom Paradiset og Kristi attkome.

Hos forfedrane våre var det ein gud som heitte Allfader som skapte himmelen og jorda og lufta og alt som høyrer til der, «årle i old», som det heiter i Voluspå. Og Ragnarok er undergangen, avslutninga. Og Ragnarok er kaldt. Snorre-Edda fortel: «Det fyrste er at det kjem ein vinter som er kalla Fimbulvinter. Då driv det snø or alle ætter, det er sterk kulde og kvasse vindar, ingen ting har gagn av sola». For folk her oppe i nord var kulden ein fiende, ei naturleg undergangsmakt, som djevelen lenger sør.

Men var dette berre fantasi, utløyst av eit stabilt kaldt klima? Nei, vil arkeologar og andre fagfolk i dag meine. Fimbulvinteren byggjer på historisk røynsle, ei katastrofal klimaendring, som forfedrane våre har tatt med seg og flytta til den endelege undergangen, Ragnarok.

Historiske funn av mange slag viser at året 536 e.Kr. var ei katastrofalt år i Europa, også i Skandinavia. Årringar i tre viser at trea omtrent ikkje voks det året, heller ikkje mykje i dei næraste åra etterpå. Året 542 var også svært dystert. Borekjernar frå gamle isbrear viser stort nedfall av svovel i desse åra. Kjelder frå Italia og Hellas fortel om ein sommar som vart til vinter.

Syndaren er to store vulkanutbrot som sende store menger finkorna støv opp i atmosfæren, der støvet vart verande i årevis, og der det filtrerte bort sollyset. «... ingenting har gagn av sola», sa Snorre-Edda. Kjeldene frå Middelhavet bruker liknande formuleringar. Åra etter 536 viste seg å vere dei kaldaste på 2000 år. Og kulden varte lenge.

Effektane var katastrofale. Svenske arkeologar meiner at 50 til 70 prosent av folket døydde ut. Skandinavane levde mykje av feavl. Dyra svalt i hel, graset voks ikkje. Heile landsbyar vart fråflytta og nedlagde. Hungeren regjerte. Samtidig herja ein svær pest over Europa, den såkalla justinianske pesten. I dag er det mange arkeologar som meiner at denne katastrofen var større enn Svartedauden som kom eit lite tusenår seinare.

Korleis reagerte det plaga folket på ulukkene? Funn kan tyde på at dei vende seg til gudane sine, før dei vende seg mot dei same gudane. Rike gullfunn frå perioden kan tyde på store ofringar for å få hjelp. I dag veit vi at gudane ikkje svara, ikkje då heller. Ulukkene heldt fram. Og då er det funn som kan tyde på eit raseri mot gudane, eit opprør mot svarlause gudar. Det er funne gudebilete og gudesymbol som er skadde, raserte. På bileta har gudane fått halsane overskorne. På andre bilete er dei kastrerte.

Når gudane ikkje kvitterte for offergåvene ved å rette fram ei mektig hjelpande hand mot katastrofen, fekk dei ei rekning å betale. Ikkje berre vende dei truande ryggen til gudane. Dei gjekk også laus på dei med vald. Det er ikkje risikofritt å vere ein mektig gud som ikkje held det han har lova og det folket hans bed om.

Var det dette forfedrane vår hadde i minnet då dei utmeisla tanken om fimbulvinteren, då ingenting hadde gagn av sola, då dyr og menneske svalt i hel og heile samfunn døydde ut?

Har vi å gjere med ein religionshistorisk kjenning, der historiske hendingar langt tilbake i tid får mytisk form og går inn i ettertida som gudehandlingar?

Flaum er ei legendeprega makt som kan sette heile samfunn i fare. I Midtausten var det heile samfunn som kvilte på kontrollerte elveflaumar. Men av og til kom flaumen ut av kontroll, og katastrofen var der. Om slike flaumar er det mange mytar og forteljingar. Det store babylonske nasjonaleposet Gilgamesj er ei slik flaumforteljing. Syndfloda i moseboka er ei anna.

Er den norrøne forteljinga om fimbulvinteren ei av mange slike forteljingar om då gudane vende menneska ryggen og straffa dei nådelaust – den norrøne syndfloda?

I historia har gudar skapt mykje bry. Å slå tilbake mot trulause gudar, slik forfedrane våre gjorde om kjeldene er rett tolka, var då eit tidleg opprør mot gudemakta.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis