Frå historia

Den gylne fortid

Volva, slik den franske kunstmålaren Jules Lenepveu (1819–1898) tenkte seg henne (utsnitt).
Volva, slik den franske kunstmålaren Jules Lenepveu (1819–1898) tenkte seg henne (utsnitt).
Publisert Sist oppdatert

Som art har mennesket det ved seg at det er oppteke av si eiga fortid og stendig ber henne med seg.

Når det gjeld den nære og oversiktlege fortida, er ho eit stykke på veg handterleg. Sogeforteljarar bar fortida vidare, til nye ætter. Sogeforteljing var nok trygg underhaldning alt ved steinalderbålet, før dei store sogebøkene dukka opp: Homer, Vergil, Snorre.

Med den historia som låg langt inne i den historiske tåka, var det verre. Korleis vart alt dette daglege og forunderlege til? Spørsmåla levde og låg der. Spørsmåla var viktige, også tidleg i historia.

Hjelparen dukka opp: den menneskeleg fantasien. Han mobiliserte ei mengd gudar rundt om. Dei hadde skapt og ordna verda, som dei framleis gjorde. Fantasien gjorde verda ordna og forståeleg.

Mosebøkene, som vart våre forteljingar om dette, fortel ei dramatisk historie om korleis alt vart til. Gud gjer skaparverket unna på seks dagar, i første kapittelet i Første Mosebok:

Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå, det var ovleg godt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement