Frå historia

Den gamle jorda – og den nye

Emil Doepler (1855–1922): «Lokes barn», med dei tre søskena Midgardsormen, Hel og Fenrisulven.
Emil Doepler (1855–1922): «Lokes barn», med dei tre søskena Midgardsormen, Hel og Fenrisulven.
Publisert

Alt har ein ende. Det som blir påbyrja, skal avsluttast. Det er ei grunnleggjande menneskeleg røynsle. Menneske, dyr og plantar blir fødde og døyr når tida er ute. Ingenting varer evig.

Slik er det også med verda. Ulike mytologiske forteljingar gjer greie for korleis ho vart skapt, gjerne med gudehjelp, og korleis ho skal gå under når den tid kjem. For den tida kjem.

I Snorres forteljing i Gylvaginning startar undergangen med tre kalde vintrar utan sommar imellom. Så kjem ei vond tid då brør drep kvarandre og søner drep fedrar.

Og så brakar ragnarok laus, den endelege kampen mellom dei gode gudane og dei vonde maktene. Fenrisulven gløyper sola, ein annan ulv tek månen, stjernene kverv frå himmelen. Det følgjer ein hard strid, skildra i detalj, før jotunen Surt slengjer eld ut over jorda og brenner opp heile heimen.

Kva hender så, spør han som spør. Kjem det ein annan heim?

Ja, er svaret, det kjem mange bustader. Mange av dei er gode, men mange er òg vonde. I dei gode bustadene skal dei gode og sedelege bu. I ein stor og fæl sal, full av ormerygger og ormehovud, skal meinsvorne menn og drapsmenn halde til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement