Då kyrkja bar samfunnet
Mange tek institusjonar som kyrkja for gitt.
Foto: Berit Keilen / NTB scanpix
Organiserte samfunn byggjer på institusjonar. I kvardagen vil dei fleste ta institusjonane som gitt, nærast som naturgitt. Men alle våre institusjonar: Staten, parlamentet, rettsapparatet og lovene og kyrkja er skapte og kjempa fram gjennom historia. Og dei har historie.
Innimellom bryt dei eksisterande institusjonane saman. Det kan handle om politisk kaos, revolusjon, der staten og rettsapparatet er sett i spel med usikker utgang. Eller det kan handle om okkupasjon, der staten er komen i framande hender. Då kan det skje at institusjonane skifter funksjon og karakter slik at det kjem til strid mellom institusjonane. Under den tyske okkupasjonen i Noreg la Høgsterett ned embeta sine, i protest mot den framande staten. Kyrkja gjorde det same. To sentrale og etablerte institusjonar var i strid med staten.
Dette har historia sett mange gonger. I 1166 intervenerte England i Irland for første gong. Det vart starten på eit hardstyre og ei lidingssoge som varer ved. Blandingsekteskap mellom irar og engelskmenn vart forbodne. Alt jordegods vart konfiskert. Den anglikanske kyrkjeordninga vart innført i det katolske Irland. Gudstenesta vart på engelsk, som irane forstod like dårleg som dei forstod latin. Katolikkane vart fråtekne dei fleste av dei borgarlege rettane.
Dette fekk langsiktige politiske konsekvensar. Då engelskmennene hadde øydelagt den innfødde irske adelen, vart dei forfølgde katolske prestane dei einaste leiarane det irske folket hadde. Det styrkte katolisismen i folket, ettersom han vart knytt til kampen for fridom og sjølvstyre. Og det medførte, seier den engelske historikaren George Macaulay Trevelyan, at irane i hundrevis av år var det folket i Europa som meir enn noko anna folk stod under leiing av presteskapet.
Då engelskmennene tok den irske staten, overtok den katolske kyrkja det irske samfunnet. Med tid og stunder felte historia dom. Ho er den øvste dommaren, seier Hegel. Engelskmennene måtte reise heim. Den katolske kyrkja vart verande.
I 1558 var både England og Skottland romersk-katolske land. To år seinare var dei begge protestantiske. For første gong på 250 år stod desse to stridbare grannane saman. Men idyllen var skrøpeleg. Trass i at dei no hadde sams protestantisk tru, var dei usamde om kyrkjestyret. Den engelske staten hadde stridd seg fram til at staten hadde makt og kontroll over kyrkja. Skottane hadde ei presbytersk kyrkjeordning som byggjer på eit rådsystem der makta over kyrkja er meir spreidd. Og denne kyrkja krev å stå over staten.
Den politiske strukturen var også ulik. Engelskmennene hadde sitt representative organ i parlamentet, som kunne brukast mot kongemakta. Skottane hadde sitt tilsvarande organ i kyrkja, med rådsystemet sitt.
Under stuartkongen Karl I gjorde skottane revolusjon mot England og kongen. Revolusjonen vart leidd av eit religiøst forbund, The Covenant, støtta av kyrkjeforsamlinga. Når det vart slik, var det fordi det ikkje fanst reine politiske organ i Skottland. Nasjonen vart organisert på eit kyrkjeleg grunnlag, skriv Trevelyan.
Engelskmennene hadde hand om den skotske staten, medan kyrkja overtok og bar det skotske samfunnet. Institusjonane låg i ein blodig strid. Og her strevar historia med konklusjonen. Dei to landa lever framleis i eit konfliktfylt samliv.
Då regimet i Aust-Tyskland braut saman og kommunistpartiet var i ferd med å misse grepet om den austtyske staten, var det kyrkjene folket vende seg til. Dei vart møtestader og politiske verkstader. Kyrkja var den institusjonen som fanst etter tiår med strengt diktatur. Og ho tok den politiske leiinga.
Då den norske staten vakla i 1814, var det kyrkja som var den institusjonen som fanst og kunne organisere valprosessen fram mot riksforsamlinga på Eidsvoll. Kyrkjebakken vart det første vallokalet i norsk historie.
Teologane har eit eige fagfelt – ekklesiastikk – om kyrkja, kva ho i grunnen er. Her er det mykje strid. Vi har nyleg hatt ein stor runde om statskyrkja.
I politikken og historia kan det sjå ut til at kyrkja har hatt eit slag reservefunksjon, ein reserve som melder seg, og som er der, når dei andre etablerte institusjonane er blitt hjelpelause.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.