JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Då kulden kom inn i varmen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dr. Willis H. Carrier vart kalla far til klimaanlegget.

Foto: AP / NTB scanpix

3612
20171201
3612
20171201

Kulden og varmen er to naturfaktorar som formar livet vårt. Dei bestemmer kva vi steller med, kva vi et, kvar vi bur, korleis vi bur og korleis vi kler oss. Og dei formar tankane våre.

Jorda er slik opphengd i solsystemet vårt at ein del område har reint for mykje varme, medan andre har reint for mykje kulde. Folk ved Middelhavet, der varmen om sommaren kan vere plagsam, held seg med eit gloheitt helvete. Helvetet i nord, hos forfedrane våre, var iskaldt. Det som plaga oss mest her i livet, skulle også plage oss mest i det neste.

Der vêret skifter sterkt med årstidene, produserer vinteren mengder av is som så sommaren fjernar. Isen kjem ikkje til nytte då han trengst.

Så fann nokon på å lagre isen. Det vart ein heil industri. Om vinteren gjekk ein laus på isen på sjøane med sag og skar ut store isblokker. Desse vart så lagra i store, godt isolerte ishus, innpakka i sagflis. Der kunne isen vare sommaren gjennom. Det vart til og med bygd spesialskip som var så godt isolerte at isen kunne fraktast over hava. I Noreg hadde ein del store gardar ishus.

I sørstatane og veststatane i USA kunne sommaren vere plagsam. Mange prøvde å finne metodar for å lage kulde. Ein av dei var ingeniøren Willis Carrier, fødd i 1876. Han meinte han hadde funne noko. Ein varm julidag, 17. juli 1902, vart han kalla til eit boktrykkeri. Det var så varmt at trykksverta berre flaut på papiret. Ho ville ikkje stivne og leggje seg til ro. Carrier hadde oppfinninga si med seg, og starta opp. Temperaturen fall fort, og boktrykkinga kunne halde fram. 17. juli 1902 er fødselsdagen for fryseindustrien. Men det var langt fram. I 1906 tok han ut patent på oppfinninga si.

Omtrent samtidig som Carrier streva med å skape kulde, var den amerikanske filmindustrien i ferd med å vekse fram. Dei møtte snart eit plagsamt problem. I store delar av USA, både i sør og vest, var det så varmt om sommaren at det ikkje var verande i kinolokalet. Folk nekta å kome. Klimaet bremsa ein industri i vokster. Det måtte det gjerast noko med. Gamle isblokker var ikkje nok.

Dei tok kontakt med Carrier, som bygde ein stor kuldemaskin til ein kinosal. Dette vart gjennombrotet. Det vart svalt og godt i kinosalen. Maskinen finst enno og går når han vert sett i gang.

Ein ny industri var i kjømda, kulde kunne lagast kvar som helst. Kjøleskapet kom, som fryseboksen og fryselageret. Transportsystem vart laga, slik at frosen mat kunne finne marknaden sin. Det gjekk ikkje utan strid. Den etablerte industrien, med isblokker og ishus, slost for livet. Denne nye isen, laga av vassdamp i ein maskin, var nok giftig, meinte dei. Det hjelpte ikkje. Tida for naturisen var ute.

Fryseteknikken gjorde matvarer tilgjengelege på ein ny måte. I dag har vi ferskmat støtt. Det er nytt i historia.

Men det kom meir. Avkjølinga av kinosalen vart lagd merke til. No kunne ein skape eit leveleg inneklima også der sola brann som mest om sommaren. Medan amerikanarane helst ville bu i nordaust, i dei gamle engelske koloniane, der vinden frå Atlanterhavet kjølte om sommaren, vart det no leveleg både i sør og i vest, i Texas, Florida og California.

Og folk flytte dit. Innføringa av klimaanlegg var med og auka folketalet i sør og vest. Det vart råd å bu der. Etter kvart er dei blitt så mange, og så mektige, at dei dei siste tiåra har halde USA med presidentar. Eit BBC-program om Willis Carrier meinte at Bush og Bush frå Texas og Ronald Reagan frå California hadde Carrier å takke for presidentembeta dei fekk.

Willis Carrier tamde kulden og tok han inn i varmen. Då måtte varmen vike. Og verda vart endra.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis