Chiapudding
Det er langt igjen til Supermann.
Kjenner du chiafrø? Sjølvsagt gjer du det. I det minste kjenner du til det vesle, svarte frøet som i mange tusen år var ein del av aztekarkulturen, som i dag har hamna midt i eit urbant, hipt, trendy, moderne og ikkje minst sunt – supersunt, seier somme – kosthald. Chiafrø er supermat. Korleis overlevde vi eigentleg utan?
Vel. Vi slår like godt fast éin ting med ein gong: Det er ingenting i chiafrø som ein ikkje finn i annan mat. Det er mykje omega 3-fettsyrer i chiafrø, men ingen omega 3-feittsyrer ein ikkje òg finn i til dømes rapsolje: Omega 3-feittet i chiafrø er berre alfalinolensyre (ALA). Dette er den enklaste omega 3-varianten, den vi får i oss i ulik vegetabilsk kost. Raps, linfrø og sjølv noko så kvardagsleg og tradisjonelt som havregryn inneheld alfalinolensyre.
Dette er ikkje same omega 3-feittsyre som vi får beskjed om å ete fisk for å få i oss. Fisk og andre dyr brukar ALA til å lage dei langkjeda omega 3-feittsyrene EPA og DHA, som vi ikkje får i oss frå matvarer utan å ete animalsk kost.
Ei samvitssak?
Det er mykje protein i chiafrø, ingen protein som ikkje er å finne i havregryn eller mjølk, ingen fiber som ikkje finst i gulrot eller solbær, ingen magnesium som ikkje finst i spinat. Kanskje chiafrø inneheld meir av det, men ikkje så mykje meir at dei kan skryte på seg overjordiske superkrefter. Chiafrø er ikkje Supermann. Kanskje kan dei nærme seg Usain Bolt, men berre om til dømes havregryn får vere Jakob Ingebrigtsen, som truleg er meir enn god nok for dei aller fleste av oss.
Det er sjølvsagt heller ingenting skadeleg med chiafrø. Den viktigaste årsaka til å ete det bør vere at ein synest det er godt, sjølv om nett det kan vere vanskeleg å avgjere, sidan dei fleste er samde om at frøa som enten er knusktørre eller temmeleg slimete, i seg sjølv ikkje smakar noko som helst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.