Brus
Sjølv sprudlande drikk kan gje verdifull næring.
Strukturelt kunne vi ha gjort to ting: kjøpe dyrare sukker eller ha ei avgift som tek utgangspunkt i mengda nyttige næringsstoff.
Foto: Matt Rourke / TT / NTB scanpix
Det er lett å finne hol i sukkeravgifta som vart vedteken i budsjettinnspurten. I etterkant har media vore fulle av logiske breistar: Sukkerfri brus og tyggis har avgift, marsipanlokk og browniemiks slepp unna. For iste utan sukker (med søtstoff) må produsenten betale avgift, for istepulver med sukker må han ikkje det. Kvar er logikken?
Logikken manglar. Avgifta er regulert av ei liste produsert av Finansdepartementet ein gong i temmeleg fjern fortid, og dei fleste er samde om at ho ikkje held mål. Like sikkert er det at ingen veit kva dei skal gjere med henne.
Ujamn konkurranse
Ideelt er det ingen grunn til at særavgifter skal vere ein viktig del av norsk matpolitikk. Så lenge dei som produserer mat er blant dei lågast lønte yrkesgruppene vi har, er det all grunn til å kanalisere auka matprisar attende til dei. Sender ein dei i staden gjennom statleg byråkrati, vert forståinga for kva det kostar å produsere mat vekk i prosessen.
Men så er det diverre slik at ein kan produsere «mat» utan å bruke råvarer. Vi skal bruke julebrus som døme: Ei flaske Ringnes julebrus med sukker og ein boks Grans julebrus utan sukker (med søtstoff) har éin ting til felles, og det er at dei ikkje inneheld ei einaste nyttig næringskjelde. Med unnatak av sukkeret i fyrstnemnde, og vatnet i dei begge, er det ikkje noko i flaskene som kroppane våre kan nyttiggjere seg av. Dei er sjølvsagt ressursar likevel – nokon har brukt tid og pengar på å produsere dei i laboratorium. Men målt i helse og sunnheit er ressursane fyring for kråka. Aromastoff, fargestoff, konserveringsmiddel og søtstoff er ikkje mat.
Julebrusprodusentane har ein fordel: Brusen er lett å skalere opp, og han er billeg. Det er vanskeleg nok for ein norsk frukt- og bærprodusent å konkurrere med kollegaer andre stadar i verda – det er nærast umogleg å konkurrere med ein aromastoffprodusent. Då kan avgifter vere naudsynte for å hjelpe balansen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.