Brus
Sjølv sprudlande drikk kan gje verdifull næring.
Strukturelt kunne vi ha gjort to ting: kjøpe dyrare sukker eller ha ei avgift som tek utgangspunkt i mengda nyttige næringsstoff.
Foto: Matt Rourke / TT / NTB scanpix
Det er lett å finne hol i sukkeravgifta som vart vedteken i budsjettinnspurten. I etterkant har media vore fulle av logiske breistar: Sukkerfri brus og tyggis har avgift, marsipanlokk og browniemiks slepp unna. For iste utan sukker (med søtstoff) må produsenten betale avgift, for istepulver med sukker må han ikkje det. Kvar er logikken?
Logikken manglar. Avgifta er regulert av ei liste produsert av Finansdepartementet ein gong i temmeleg fjern fortid, og dei fleste er samde om at ho ikkje held mål. Like sikkert er det at ingen veit kva dei skal gjere med henne.
Ujamn konkurranse
Ideelt er det ingen grunn til at særavgifter skal vere ein viktig del av norsk matpolitikk. Så lenge dei som produserer mat er blant dei lågast lønte yrkesgruppene vi har, er det all grunn til å kanalisere auka matprisar attende til dei. Sender ein dei i staden gjennom statleg byråkrati, vert forståinga for kva det kostar å produsere mat vekk i prosessen.
Men så er det diverre slik at ein kan produsere «mat» utan å bruke råvarer. Vi skal bruke julebrus som døme: Ei flaske Ringnes julebrus med sukker og ein boks Grans julebrus utan sukker (med søtstoff) har éin ting til felles, og det er at dei ikkje inneheld ei einaste nyttig næringskjelde. Med unnatak av sukkeret i fyrstnemnde, og vatnet i dei begge, er det ikkje noko i flaskene som kroppane våre kan nyttiggjere seg av. Dei er sjølvsagt ressursar likevel – nokon har brukt tid og pengar på å produsere dei i laboratorium. Men målt i helse og sunnheit er ressursane fyring for kråka. Aromastoff, fargestoff, konserveringsmiddel og søtstoff er ikkje mat.
Julebrusprodusentane har ein fordel: Brusen er lett å skalere opp, og han er billeg. Det er vanskeleg nok for ein norsk frukt- og bærprodusent å konkurrere med kollegaer andre stadar i verda – det er nærast umogleg å konkurrere med ein aromastoffprodusent. Då kan avgifter vere naudsynte for å hjelpe balansen.
Berande alternativ
Men er sukkeravgifta eigna? Knappast, sidan ho ikkje skil mellom mengder sukker og andre næringsstoff i produktet. Sukker er ein balansegang. For mykje er skadeleg, altfor mykje er endå meir skadeleg, men høvelege mengder er heilt greitt. Og kor mykje vi får i oss, handlar om tilgjenge og pris.
Strukturelt kunne vi gjort to ting. For det fyrste kunne vi byrja å kjøpe dyrare sukker – sukker som sender meir av inntektene attende til dei som treng dei mest, nemleg sukkerprodusentane. Slikt sukker – fairtrade-sukker – er å få tak i.
For det andre kunne vi ha bygd ei avgift som i staden for blindt å basere seg på innhald eller fråvær av sukker og søtstoff, tok utgangspunkt i mengda nyttige næringsstoff i næringsmiddelet. Då kan ein skattlegge næringstom eller næringsfattig mat.
I kvardagen kan vi byrje å sjå oss om etter brus laga på ekte råvarer med næringsverdi. Medan eg skriv dette, kosar eg meg med ein Terroir perlende tyttebærdrikk produsert av Røros Food & Beverage Group – med 15 prosent tyttebær frå fjella kring, ja, Røros. Drikken har 9 prosent sukker; resten er vatn og eitt konserveringsmiddel. Eg kunne òg ha drukke ein blåbærdrikk frå same produsent og fått med meg godsaker frå blåbær og krekling plukka i same fjella.
Eller eg kunne ha late tilsett sukker vere tilsett sukker og sløkt tørsten med ei flaske Balholm Sprudle. Balholm er verksemda som gjer gull av det meste dei legg fingrane på, og eplemosten deira er meir enn god nok til ikkje å trenge anna enn kolsyre for å sprudle slik brus skal. Og om enn ein skulle setje til noko, kvifor ikkje då velje enten bringebær eller solbær, som er minst like smaks- og næringsrike?
Sjølvsagt kostar det. Medan ein 0,33 liters boks med Grans Julebrus utan tilsett sukker kostar latterlege åtte kroner, må du ut med 30–35 kroner for ei flaske perlande, sprudlande frukt og bær. Ingrediensar kostar, og konkurrerer altså dårleg med ingredienslause alternativ. Særleg når avgifta vert lagd på i fyrste ledd (produsent), og dobla både to og tre gonger før du kjøper flaska i butikken. Di sunnare – og dyrare – utgangspunkt, di større auke. Finansdepartementet har all grunn til å skjemmast.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingrediensar kostar,
og konkurrerer
altså dårleg med
ingredienslause
alternativ.
Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB