Frå matfatet

Brød

Kva som er eit godt brød, er ikkje heilt enkelt å vite lenger.

Kor dyrt må eit brød vere før det vert snobbete?
Kor dyrt må eit brød vere før det vert snobbete?
Publisert

Her skal du få ei problemstilling som kvernar temmeleg mykje i mitt hovud: Når går ein frå å vere skikkeleg interessert i god mat til å verte ein matsnobb?

Eg kjem ikkje vekk frå å vere temmeleg opptatt av kor mat kjem frå, korleis han er produsert, kva kvalitet han har, og korleis han smakar. Eg synest livet er for kort for kjip mat. Men på dei aller fleste felt trur eg likevel ikkje eg er ein «person som (uten genuin smaksforståelse) legger vekt på (det ytre i form av) flotte klær, dyre vaner e.l.», som er definisjonen Det Norske Akademis ordbok gjev på munnleg bruk av ordet snobb.

Kanskje er eg likevel skuldig i eit snobbete unnatak: Eg har særs lite til overs for kjøpebrød. Kjøpebrød har for mykje luft på grunn av for mykje tilsett gluten. Dei har òg eit generelt altfor høgt nivå av ingrediensar som berre er naudsynte for å gjere brødet billegare å produsere, men likevel flotte nok av utsjånad til å kunne forsvare ein høg pris, slik eg ser det. Dessutan har brøda ofte reist lenger enn dei har godt av.

Langreist

I ein god del høve trur eg i grunnen eg har rett i dette. Vi kan nytte Coops EMV-serie Nystekt i butikk som døme: Desse brøda er, som namnet seier, steikte ferdig i butikken du kjøper dei i – ofte ein Coop Extra.

Ein fordel kunne jo vere at desse brøda ikkje hadde reist særleg langt, men fleire av dei har diverre reist langt på førehand: heilt frå Sverige, frå bakeriet Gunnar Dafgård AB på sørsida av innsjøen Vänern.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement