Diktet

Biletbruk og rim

Edvard Hoemn har salmar, Shakespeare og Evert Taube-viser i kropp og sjel.

Edvard Hoem er romanforfattar, lyrikar, dramatikar, salmediktar og omsetjar.
Publisert Sist oppdatert

Da Ivar Aasen-tunet skulle opnast i år 2000, vart Edvard Hoem (f. 1949) og eg spurde om vi kunne ta på oss eit oppdrag i samband med arrangementet. Vi sa oss interesserte og tenkte at vi kanskje kunne lage noko for soli, kor og orkester, noko storslege og festleg? Men diverre, det viste seg at budsjettet var stramt, det var knappast nok til ei lita vise!

Men vi bestemte oss for å stå løpet ut, kraftig nedskalert.

Resultatet vart songen «Fang sommarens ange i natt». Den fekk si urframføring i eit fullsett uteamfi, og eg hugsar godt da publikum stemte i med refrenget: «Fang sommarens ange i natt, fang sommarens ange i natt, fang sommaren, sommaren, sommarens ange i natt», om att og om att i beste «She loves you»-stil.

Teksta er typisk Edvard. Få har som han slik biletbruk og evne til rim. Naturen er sentral: «Snart glitrar det solrøyk i raslande lauv, det gryr på den dampande jord.» Og vidare det menneskelege i naturen: «Snart dirrar din barndom i dropen som dett frå eit blad.» Dette er vakre, romantiske bilete som fell lett for Edvard. Han har salmar, Shakespeare og Evert Taube-viser i kropp og sjel, og han er flink til å bruke opne vokalar som til dømes klassiske songarar set pris på. Songen ville truleg fått eit anna preg viss det stod duft i staden for ange?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement