Biff

Ikkje lat deg lure: Biff er eigentleg ganske lett.

Svolten no? Biff er godt. Og enkelt.
Svolten no? Biff er godt. Og enkelt.
Publisert

Setninga «Hvordan steke biff» gjev 74.100 treff på Google, og det er kanskje ikkje så rart: Vi er mange som går rundt og trur at å steike biff er skikkeleg vanskeleg, at det er ein rett og ein galen måte å gjere det på og ikkje minst ei mengd triks å kjenne til for at biffen skal verte god nok til det særlege høvet ein mest truleg har spart han til, sidan biff er så eksklusivt, liksom.

Men om det var slik, kvifor har då «Hvordan steke egg» 561.000 treff – meir enn sju gonger så mange?

Kanskje fordi å steike egg faktisk er minst like vanskeleg som å steike biff. Og kanskje fordi vi i så mange år har prata om korleis ein steiker biff at vi no etter kvart har lært oss det – eller i det minste lært oss kor vanskeleg det er å gjere feil: Å steike eit mørt kjøtstykke, som biff er, inneber eigentleg å gjere minst mogleg med det. Om resultatet vert vellukka, heng mykje meir saman med kvaliteten på råvara eller om du vel å snu biffen ofte, for å få jamn temperatur på alle sider, eller sjeldan, for å forstyrre han minst mogleg og få minst mogleg kjøtsaft til å renne ut.

Det meste er godt nok

For å seie det med store bokstavar: Det finst minst like mange «riktige» og «einaste riktige» måtar å steike biff på som det finst TV-kokkar der ute, og så å seie alle saman fungerer meir enn godt nok til ditt og mitt bruk. Du skal altså ikkje ha dårleg samvit om du saltar biffen før du steiker han. Det gjer han ikkje mindre saftig.

Om temperaturen er litt for låg akkurat i det du legg biffen på plata, vil det ikkje nødvendigvis gjere han mindre saftig – for rask steikeskorpe «forseglar» ikkje biffen på nokon som helst måte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement