Språk
Be ein språkbrukar fortelja kva dei synest om denne pronomenbruken
Me snakkar mykje om språk her i Noreg. Men snakkar me nok om fleirtalspronomenet dei nytta om einskildpersonar?
«Hvis man er bekymret for at en student ikke er skikket til yrket de utdanner seg til, kan man sende en tvilsmelding.» «Studenten får flere tilbud om veiledningsmøter med råd til hvordan de kan bedre seg.»
Desse setningane stod i Adresseavisen 22. september i fjor, i ein reportasje om varslingssaker mot studentar. Emnet er viktig, men setningsbygnaden fengslar meg mest. I båe setningane peikar fleirtalspronomenet dei tilbake til eit substantiv i eintal.
Kvar er debatten?
Dette språklege fenomenet har fått lite merksemd, og det er merkeleg. Pronomenbruk er til vanleg eit ynda samtaleemne og irritasjonsmoment.
Nyvinninga hen vart diskutert vidt og breitt, og i diskusjonsgrupper om språk aular det av debattantar som harmast over pronomenbruk som bryt med (bokmåls)rettskrivinga: «Har du snakket med hun?» «Henne gjorde det.» «Gå og snakk med de.» Folk held på å krepera!
I dialekta mi rimar tredje person fleirtal på adjektivet dum («dom som seie’ dom æ domme, dom æ domme, dom!»). Og dom kan fint nyttast om einskildpersonar. Her frå ein reklamefilm for Hoff Opphøgde Potteter: «Har du fått besøk ta en ivrig veganer, gi dom Hoff Opphøgde og itte bananer!»
Når sant skal seiast, la eg ikkje merke til dette språktrekket av meg sjølv, eg heller.
Folk vert overraska
Hedda Vormeland er omsetjar og språknerd, busett i Trondheim. Ho har vore oppteken av «eintals-dei» i fleire år og sit på ei stor samling døme frå aviser, bøker, radioinnslag, reklame og samtalar ho har overhøyrt eller delteke i sjølv.
Ei sams interesse for språk og kjønn gjer at vegane våre ofte kryssar kvarandre, og innimellom sender ho meg godbitar frå samlinga. Dei fyrste døma landa i innboksen min i 2021.
– Kva er det me står overfor her, Vormeland?
– Å bruka fleirtal om éin person ein ikkje kjenner kjønnet på, er heilt vanleg på norsk! Eg høyrer det dagleg. Morsmålsbrukarar, mellom andre eg sjølv, produserer eintals-dei heilt spontant. Folk vert overraska når eg fortel dei om det, men døma er mange.
– Kvifor får det ikkje meir merksemd?
– Fordi det fungerer so bra. Å bruka dei på denne måten er so friksjonsfritt at det går under radaren.
– I engelsk har fleirtalsforma they i mange hundre år vore nytta om einskildpersonar i staden for he eller she i tilfelle der kjønn er ukjent eller irrelevant, sokalla singular they. Har me henta språktrekket derfrå?
– Her må me halda tunga beint i munnen. Både ungdomar og vaksne hentar mange ord og uttrykk frå USA, særleg ord som har med kjønnsidentitet å gjera. At nokre vil verta omtala som dei (t.d. «dei heiter Alex»), kan vera inspirert av engelsk, der slik bruk av they er godt etablert. Men her snakkar me om noko anna: å bruka dei om ein person me ikkje veit kjønnet på, eller der det ikkje er relevant. Eg trur at slik bruk av dei kan ha oppstått spontant i norsk og ikkje treng å vera henta frå engelsk.
Me skal koma tilbake til kvifor det har dukka opp. Fyrst litt fleire døme.
Frå Hera (13) til Anders (69)
Den 10. desember i fjor skreiv avisa Nidaros om 13 år gamle Hera som skapte joleglede på St. Olavs hospital med å dela ut roser til pasientar. Til avisa sa ho:
«Da jeg skulle bort til den første var jeg litt spent på hvordan de så ut og om de så syke ut. Jeg gikk inn på et rom med noen som hadde vært der lenge. Det var hyggelig å se at de ble glad.»
Språktrekket finst jamvel i tekster som har vore gjennom ein språkleg kvalitetskontroll. I boka Varslerne (2023) av Heidi Helene Sveen (f. 1970) står det på side 211: «Det å kysse eller berøre en annen intimt uten deres samtykke er å krysse en grense der man krenker den andres kroppslige integritet.»
Me finn det òg på side 497 i det ferske storverket Wanda (2025) av Anders Heger (f. 1956): «Ingen leser, uansett hvor langt borte eller dypt begravet i byråkrati og planlegging de måtte være, kunne unngå å få med seg budskapet.»
Det er eit men med hen
Eg tok kontakt med Heger og spurde om setninga var skriven slik med vitende og vilje.
– Dette var aldeles usedvanleg interessant. Om du hadde spurt meg generelt kva eg syntest om dei som kjønnsnøytralt eintalspronomen, hadde eg vel – som dei fleste i min generasjon, tippar eg – avvist det. Og likevel meiner eg at den setninga skal skrivast akkurat slik.
Han og eg tenkjer høgt om saka og landar halvveges på at einskildpersonen i dømesetningane representerer ei større gruppe, og at det difor gjev meining å omtala personen som dei.
Men to dagar seinare tek Heger kontakt att og set fram ein annan teori. Denne teorien er samanfallande med Hedda Vormeland sin. Her er kortversjonen:
Før nytta ein pronomenet han i slike posisjonar, men han er ikkje kjønnsnøytralt lenger. Slik bruk av han byrja lugga for mange etter 1970-åra. Det vart meir og meir vanleg å seia «han eller ho», «ho eller han», vedkomande eller aktivt velja å bruka ho. Pronomenet hen løyser denne floken, men til og med folk som likar ordet og nyttar det ofte, kan ha ei kjensle av hen ikkje dett heilt på plass i den indre (dialekt)grammatikken deira.
Eg nyttar utan problem hen om folk som ynskjer å verta omtala slik. Det er ei øvingssak. Men til liks med mange andre har eg ei dialekt der trykklette former av han og ho er vanlege («je såg ‘a», «je såg ‘n»). I dette systemet vert hen ein framand fugl. Då er det lettare å henta fram eit tredje person-pronomen som allereie finst i systemet, og ta det i bruk om eit nytt tal.
– Eg trur dette er framtida, seier Vormeland.