Språk
Be ein språkbrukar fortelja kva dei synest om denne pronomenbruken
Me snakkar mykje om språk her i Noreg. Men snakkar me nok om fleirtalspronomenet dei nytta om einskildpersonar?
Illustrasjon: Dag og Tid
«Hvis man er
bekymret for at en student ikke er skikket til yrket de utdanner seg til, kan
man sende en tvilsmelding.» «Studenten får flere tilbud om veiledningsmøter med
råd til hvordan de kan bedre seg.»
Desse
setningane stod i Adresseavisen 22. september i fjor, i ein reportasje om varslingssaker
mot studentar. Emnet er viktig, men setningsbygnaden fengslar meg mest. I
båe setningane peikar fleirtalspronomenet dei tilbake til eit substantiv
i eintal.
Kvar er debatten?
Dette språklege fenomenet
har fått lite merksemd, og det er merkeleg. Pronomenbruk er til vanleg eit ynda
samtaleemne og irritasjonsmoment.
Nyvinninga hen
vart diskutert vidt og breitt, og i diskusjonsgrupper om språk aular det av debattantar
som harmast over pronomenbruk som bryt med (bokmåls)rettskrivinga: «Har du
snakket med hun?» «Henne gjorde det.» «Gå og snakk med de.» Folk held på å
krepera!
I dialekta mi rimar tredje
person fleirtal på adjektivet dum («dom som seie’ dom æ domme, dom æ
domme, dom!»). Og dom kan fint nyttast om einskildpersonar. Her frå ein
reklamefilm for Hoff Opphøgde Potteter: «Har du fått besøk ta en ivrig veganer,
gi dom Hoff Opphøgde og itte bananer!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.