Appelsinjuice
Bier liker appelsinar. Berre det ikkje vert for mange av dei rett etter kvarandre.
Appelsinar er ein del av naturen. Men gjer dei han godt?
Foto: pxhere.com
Smaken av morgon. Kaffi, sjølvsagt, rykande varm og gjerne to koppar, egg om det er tid, yoghurt viss ikkje. Etter kvart tannkrem. Men fyrst – appelsinjuice. Søt og mild nok til å ikkje vere heilt vaken, frisk nok til å dra i riktig retning. Lysande som morgonsola.
Lyrisk nok no? Truleg. Men eg er ikkje aleine om å bruke store ord om pressa appelsinar på kartong. «Noe av det beste naturen har å by på», seier Tine-merkevara Sunniva om sin eigen appelsinjuice.
Dei ser altså på appelsinane dei pressar til juice, som ein del av naturen – og det skal eg gje dei rett i. Det same skal eg gjere med å erkjenne at den same naturen ikkje er heilt i balanse for tida: Mellom anna er ein tredjedel av villbiene i verda utryddingstruga. Bier, biller og maur forsvinn i ei takt åtte gonger raskare enn pattedyr og fuglar.
Biehus i hagen
Det er alvorleg, kan vi seie. 70 av 100 av dei viktigaste matsortane vi menneske et, er avhengige av å verte pollinerte av eit insekt. Ein av sortane er sitrusfrukter, og ei av sitrusfruktene er appelsin. Utan pollinatorar – både ville og tamme – får vi ingen appelsinar og ikkje noko flytande solskin på frukostbordet.
Difor har Sunniva starta biedugnaden «Hjem til naturen»: Du får eit såkalla biehus, heng det opp, legg eit bilete av det på sosiale medium, og så kan du vinne eit opphald i eit minihus ein stad i Noreg. Og det er jo bra?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.