JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Appelsinjuice

Bier liker appelsinar. Berre det ikkje vert for mange av dei rett etter kvarandre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Appelsinar er ein del av naturen. Men gjer dei han godt?

Foto: pxhere.com

3644
20190607
3644
20190607

Smaken av morgon. Kaffi, sjølvsagt, rykande varm og gjerne to koppar, egg om det er tid, yoghurt viss ikkje. Etter kvart tannkrem. Men fyrst – appelsinjuice. Søt og mild nok til å ikkje vere heilt vaken, frisk nok til å dra i riktig retning. Lysande som morgonsola.

Lyrisk nok no? Truleg. Men eg er ikkje aleine om å bruke store ord om pressa appelsinar på kartong. «Noe av det beste naturen har å by på», seier Tine-merkevara Sunniva om sin eigen appelsinjuice.

Dei ser altså på appelsinane dei pressar til juice, som ein del av naturen – og det skal eg gje dei rett i. Det same skal eg gjere med å erkjenne at den same naturen ikkje er heilt i balanse for tida: Mellom anna er ein tredjedel av villbiene i verda utryddingstruga. Bier, biller og maur forsvinn i ei takt åtte gonger raskare enn pattedyr og fuglar.

Biehus i hagen

Det er alvorleg, kan vi seie. 70 av 100 av dei viktigaste matsortane vi menneske et, er avhengige av å verte pollinerte av eit insekt. Ein av sortane er sitrusfrukter, og ei av sitrusfruktene er appelsin. Utan pollinatorar – både ville og tamme – får vi ingen appelsinar og ikkje noko flytande solskin på frukostbordet.

Difor har Sunniva starta biedugnaden «Hjem til naturen»: Du får eit såkalla biehus, heng det opp, legg eit bilete av det på sosiale medium, og så kan du vinne eit opphald i eit minihus ein stad i Noreg. Og det er jo bra?

Jau då. Eit biehus er ein trekloss med hol i som bier kan kvile og legge egg i. Bier likar slike små rom. Ja, det går an å seie at bier likar det litt rotete: Dei likar ikkje mykje av det same på rette linjer, men litt av alt, stort, smått, tidleg, seint. Mest mogleg mangfald er best, synest dei.

Større årsaker

Men kva er den viktigaste årsaka til at vi dei siste tiåra har sett færre og færre pollinerande insekt? Er det for mange steinlagde oppkøyrsler og for få biehus i norske hagar?

Det er jo ikkje det. Sunniva er inne på det sjølv: Dei gjev opp omlegging i landbruket, kunstgjødsel, sprøytemiddel og færre blomeenger som årsaker til at det vert stadig mindre summing i verda. FN og stadig fleire større og tyngre forskingsresultat seier det tydelegare: Den viktigaste årsaka til insektnedgangen er tap av habitat som fylgje av intensivering av jordbruket. På andre- og tredjeplass kjem agrokjemiske ureinarar og klimaendringar.

Så å seie same kor du reiser i den vestlege verda, er ikkje eit gardsbruk mangfaldig lenger. Det er einsretta, og særleg gjeld det produksjon av frukt, grønt, korn og andre vegetabil: Enten produserer du potet, eller så produserer du mais, eller så produserer du eple eller appelsin, og då gjer du det over hundrevis av mål.

Dette er om lag det motsette av korleis pollinatorane vil ha det. Dei lever jo av nektar i blomar. Når alle plantene blømer på same tid, slik appelsintrea gjer, og blomane vert til kart og appelsinar, kva skal biene leve av resten av året? Kor skal dei gøyme seg, i eit landskap som berre er like tre på rette rekker?

Slike plantasjar er det Sunniva får appelsinane sine frå. Mest truleg frå enten Florida, USA eller Brasil, som er dei største appelsinprodusentane.

Då vert det naturleg å spørje seg om appelsinen Sunniva produserer juice frå, i seg sjølv er ein del av løysinga – eller ein del av problemet. Har Sunniva lov å framstille seg som bieven når dei baserer produksjonen sin på den største trugselen mot dei same biene?

Eg kan godt ha eit biehus i hagen. Men eg trur eg droppar emneknaggen #hjemtilnaturen. Handlinga får stå for seg sjølv.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Utan pollinatorar
får vi ingen appel­sinar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis