Ananas
Ananas er berre blåbær.
En skål med frisk frukt. Bowl with fresh food. Foto: Frank May / NTB scanpix
Ananas er ei ypparleg frukt. Det har ho vore i mange år, kanskje tusenvis. Anana tyder iallfall ”ypparleg frukt” på det karibiske urfolksspråket som har fått definere namnet. Eller var det guaraní – urfolksspråket i Paraguay – ordet kom frå? Eller vart namnet til fordi ein i transporten brukte om att banankassar – og for å ikkje forveksle – strauk over b-en? Forklaringane er like mange som etymologinettet er stort.
Derimot er dei fleste samde om at ananas ikkje er frukt, men ei samling av kring hundre individuelle bær. Planta veks som ein busk med ein fruktlekam i midten, og dei veks på andre sida av jorda. Med andre ord er det ganske langt mellom meg og jorda ananasen ein gong har vakse i. Mykje rart kan ha skjedd på vegen.
Då er det jammen fint at produsenten Dole har utstyrt ananasen eg har framføre meg, med ein merkelapp, og merkelappen med eit fint bilete av ein ananasdyrkar og ei oppmoding om å vitje garden hans på internettet. Det einaste eg treng å gjere, er å trykke koden 19015 i søkefeltet på nettsida dole-earth.com.
Ananasmoratorium
Som sagt, så gjort, og jammen får eg med ein gong vite at ananasen er produsert på plantasjen El Muelle i Costa Rica. Eg lærer at plantasjen er 9,6 kvadratkilometer stor og har 516 tilsette. Når merkelappen sa ”Visit my farm”, er det altså ein del som tyder på at det er ei sanning med modifikasjonar. Det er sjølvsagt Dole som eig plantasjen.
Og der sluttar eigentleg forteljinga om El Muelle. Dei syner meg ein film, men i kapittelet om miljø fortel dei meg om skular, og i avsnittet om kor mykje stell ein ananas treng, fortel ein tilsett om kor stolt borna hennar er av henne. Eg lærer likevel at ananas treng god jord og må passast ekstremt godt på: Kvar frukt må trimmast og haustast manuelt. Det tar 14-18 månader frå planting til ein ananas er moden. Planta kan haustast ein gong til, etter om lag 13 månader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.