JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Amerikamat

Mykje vert mindre skummelt etter ein tur innom USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nathan Handwerker var fyrst ute med hot dog – på Coney Island i New York.

Foto: Wikimedia Commons

3749
20201113
3749
20201113

Lytt til artikkelen:

Eg skulle vel på mange måtar ynskje eg hadde tenkt på å skrive denne spalta for eit par veker sidan – før såpass mange av oss vart såpass dritlei av valet i USA, altså. Før direktesendingar i dagevis i strekk. Vi er litt glade dei er over no, er vi ikkje? Likevel følger vi framleis med – vi klarar ikkje sleppe Amerika.

Er det så rart eigentleg? Skulle det ikkje nesten berre mangle? Vi kan like det eller ikkje, men er ikkje USA på veldig mange måtar ein forlengd arm av oss sjølve, til dømes, som det er naturleg for denne spalta å ta føre seg, i kva vi et?

Lat oss la tankane spinne ei stund kring mat frå USA. Fyrst av alt tenkjer vi sikkert på hamburgarar, så på tjukke pannekaker til frukost, på Coca-Cola eller milkshake, mac and cheese, donuts, spareribs, ketchup, BLT-sandwich, kalkun på nyttårsaftan ... Vi kunne halde på ei stund eller rett og slett runde av med ein hot dog, for ja, det var ein polakk som opna den aller fyrste pølsevogna attende i 1916, men han gjorde det på Coney Island i New York.

Ein amerikansk sving

Slik har mengder av mat frå resten av verda fått seg ein amerikansk sving – tenk berre på chicagopizza, som fort kan få æra for å ha gjort pizza til eit fullverdig måltid: Her gjekk deigen frå å vere syltynn og mager til feit og tjukk, og bakt i ei djup form med mykje saus og ost og kjøt og herlegdommar. Eller kva med california roll? Det er lite amerikansk over sushi, eigentleg, men likevel er det denne omvende makirullen med krabbe (eller crab stick), avokado og agurk vi et mest av alle sushivariantar. For å ta det heile eit skritt lenger er det meste vi tenkjer på som meksikansk taco, eigentleg oppfunne i USA: Om du et burrito, enchilada eller rett og slett tacoskjel, er retten truleg enten oppfunnen eller endra til det uattkjennelege ein stad i dei sameinte statane.

Ja, det er som om det aller meste som er nytt og spanande, må ein svingom innom USA før vi vågar å smake på det: Vi et ikkje koreansk kimchi før det har vorte ei stor greie i Greenwich Village, ventar med peruansk ceviche til San Francisco nesten har gått lei og sender indisk curry ein svingom på ein langtur over Stillehavet før vi hentar han heim.

Råvareleverandøren

Det sluttar heller ikkje der: USA gjev oss ikkje berre rettar – dei leverer råvarer òg. Er du redd koronaen skal ta jula ifrå deg? Om du vil ha mandel i julegrauten og marsipangris til finnaren, bør du håpe at presidentovertakinga går fredeleg for seg – for 80 prosent av mandlane i verda kjem frå California. I fjor importerte Noreg over 3200 tonn mandlar frå USA. Og kva med rosina i julekaka? Det einaste landet i verda som produserer meir rosiner enn USA, er Tyrkia, og Noreg importerte 2300 tonn rosiner frå USA i fjor.

Same år importerte fiskerinasjonen Noreg over 3000 tonn fisk, krepsdyr og blautdyr frå USA. Over 20.000 tonn grønsaker og frukt kom same vegen, det same gjorde over 8000 tonn drikkevarer – inkludert 248 tonn whisky og 42 tonn peanøttsmør, i tilfelle du lurte på det.

Fordelt på Noregs drygt 5,3 millionar innbyggjarar vert det kring 8 gram peanøttsmør per person per år. I seg sjølv, isolert sett, er ikkje dette det heilt store, men ser vi heile biletet under eitt, er det liten tvil om at USA har mykje å seie for kva du og eg puttar i kjeften.

Om det er ein god eller dårleg ting, spør du? Sei, det varierer truleg minst like mykje som maten og landet sjølv. Amerikansk mat er like mangfaldig som amerikansk musikk eller amerikansk kultur, og som så ofte elles ligg nok den beste løysinga i ei god blanding, med litt av det aller meste, utan at nokon ytterkant får ta overhand.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

USA gjev oss ikkje

berre rettar – dei

leverer råvarer òg. 

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis