Frå matfatet
Alkoholreklame
Å seie nei til alt kan verke mot føremålet.
Ulovleg: Som redaktørstyrt medium kan Dag og Tid publisere dette biletet, men på grunn av dei positive assosiasjonane det kan gje, vil det vere ulovleg for ein alkoholleverandør.
Foto: Pxhere.com
Alkoholreklame har vore forbode i Noreg sidan 1975. Då forbodet vart innført, var det på bakgrunn av at forbruket av alkohol hadde dobla seg på tjue år, og ein såg trong for nye tiltak for å bremse forbruksveksten. Sidan då har forbodet vore handsama politisk ei rekke gonger, og «det strenge forbudet er opprettholdt og presisert», ifylgje Helsedirektoratets kommentarar til alkohollova. Dette dokumentet slår òg fast kva som vert definert som reklame, nemleg «enhver form for massekommunikasjon i markedsføringsøyemed».
Her har det jo skjedd eit og anna sidan 1975. Vi har monaleg fleire plattformer for massekommunikasjon i dag – ikkje minst fleire plattformer der produsenten kan kommunisere direkte med massevis av folk. Eg snakkar sjølvsagt om internett og sosiale medium og om eit seminar Helsedirektoratet hadde for alkoholprodusentar, -importørar og -grossistar 30. mars i år.
Formålet med seminaret var å klargjere kva verksemder som på eit eller anna vis sel alkohol, kan – og ikkje kan – publisere på eigne mediekanalar. Bakgrunnen var eit nasjonalt stikkprøvetilsyn som vart gjennomført i fjor: «Alkohollovens reklameforbud på alkoholleverandørers hjemmesider og profiler i sosiale medier».
Ei rekke verksemder fekk varsel om tiltak basert på tilsynet, men tilsynet avslørte òg uvisse om kva ein alkoholaktør eigentleg har lov å seie på sin eigen instagramkonto eller facebookprofil. Kan dei i det heile syne bilete av eige produksjonsutstyr? Kva med eigne produkt? Eigne produkt saman med kundar? Eigne produkt i eigne hender?
Kan ikkje skryte
Altså: seminar. Lat oss sjå kva som kom ut av klargjeringa frå Helsedirektoratet: Verksemder kan informere om eigne arrangement på eigne heimesider, men ikkje annonsere. Altså kan ein ikkje nytte sponsa eller fremja innlegg, som i praksis er einaste måten å nå gjennom algoritmane i sosiale medium på. Om redaktørstyrte medium skulle finne på å omtale produktet i positive ordelag, kan verksemda ikkje lenke til eller gje att skrytinga i eigne kanalar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.