Frå matfatet

Alkohol

Vi har gode alternativ til alkohol her i landet.

Vi gler oss til å skåle att. Men må det alltid skålast i alkohol?
Vi gler oss til å skåle att. Men må det alltid skålast i alkohol?
Publisert

Kanskje skal vi ikkje gjere det akkurat no. Vi har framleis nok å stå i. Men eg trur vi kanskje, etter at pandemien er over, men med erfaringane frå han friskt i minnet, skal ta ein liten prat om kor avhengige vi som samfunn er av alkohol.

Når vi må skyve rusavhengige framfor oss for å karakterisere vinmonopol som kritisk samfunnsfunksjon, meiner eg. Og når restaurantar med skikkeleg god, gjennomarbeidd mat ikkje klarar å halde ope om dei ikkje får selje øl, vin og brennevin til måltidet. Er samfunnet vårt på veg å utvikle eit alkoholproblem?

Skadeomfanget

Denne spalta tek føre seg konsekvensar av matproduksjon og -konsum. Kva ein global matmarknad har å seie for arbeidsforhold i råvareleverande land, til dømes, eller korleis monokulturar påverkar matjorda vår.

Men kva med samfunnskonsekvensar av rusmiddelet alkohol? Éin ting er det å vere avhengig – ifylgje WHO døyr kring tre millionar menneske i året på grunn av alkohol. Men i ei undersøking publisert i Noreg i 2016 rapporterte 17 prosent om problem knytt til andre si drikking i løpet av det siste året – og langt ifrå alle problema var knytte til det vi tradisjonelt ser på som misbruk.

Eg har skrive mykje om helsekonsekvensar av usunn mat, men mindre om at eit gjennomsnittleg norsk alkoholforbruk faktisk er helseskadeleg. Å drive med såkalla stordrikking – minst fem alkoholeiningar etter kvarandre – gjev størst auke i risiko for både forgifting og det å verte utsett for vald eller ulukker. Tre einingar per dag set spor i indre organ. To einingar om dagen er knytt til kreftformer som mellom anna tjukktarmskreft, leverkreft og strupekreft.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement