Frå historia
1947
Skartveitvatnet slik det såg ut i juni 2013.
Foto: Odd Bjerga / Google
Tida går. Ho har slikt å gjere.
Ved å telje år held historia orden på tidsstraumen. Årstala er det viktigaste i historia, sa Halvdan Koht.
Årstala kjem strøymande, jamt og trutt. Historia sorterer dei og rangerer dei. Somme årstal blir løfta fram, fordi historia tydelegvis meiner dei er viktigare enn andre: 1814, 1905, 1940, 1945.
I våre eigne liv er det minnet vårt som sorterer årstala. Somme er viktigare enn andre: fødsel, giftarmål, barnefødslar, nære og kjære som døyr.
Men minnet er ein upåliteleg ordensmann når årstala i livet skal ordnast, løftast fram eller leggjast til side. Minnet vårt ser ut til å arbeide svært tilfeldig.
I mitt minne er året 1947 eit år som krev stor plass. Éin ting er at eg vart lagd inn på sjukehus på tiårsdagen min for å fjerne mandlane. Etter operasjonen vakna eg i senga med sår hals og blodflekkar rundt meg. Men det gjekk seg til, og eg var snart oppe og gjekk. Ettertida har rettnok meint at operasjonen var unødvendig, utan at det endrar historia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.