JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

🎧 Ris

Solidaritet kan vere å ete noko anna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei risplante som er heilt uvitande om at ho er ei global handelsvare og ein mogleg klimafare. Du og eg er ikkje like heldige.

Foto: Pxhere.com

4219
20200925
4219
20200925

Lytt til artikkelen:

Denne spalta har ikkje for vane å hylle mat som latar som han er noko han ikkje kan skryte på seg å vere. Jordbærsaft får ikkje kalle seg jordbærsaft om ikkje ei monaleg mengd jordbær har vorte safta i prosessen. Vanilinsausen kan vere grei nok, han, så lenge han ikkje latar som han er vaniljesaus, om han ikkje har vore i nærleiken av den aromatiske orkidebelgen. Ein soyadeig bør vere forsiktig med å late som han er pølser eller burgarar, og avtrekk av dei same bønnene har lite å gjere med mjølk – framleis definert som sekret frå dyr.

Dette standpunktet står framleis. Likevel skal vi denne veka trekke fram nokre godord om eit produkt som litt meir enn låner namnet sitt frå noko det ikkje er: No har Fazer lansert havreris, og vi skal sjå om vi ikkje kan finne plass til litt meir av det på matfatet vårt.

Det viktige graset

Når vi tenker på land der ein produserer og et mykje ris, tenker vi nok fyrst og fremst på Austen. På sushi, kinamat og thaigryte med kokosmjølk. Og det stemmer at for ein del asiatar er ris så viktig at ordet for «ris» er det same som ordet for «mat» i språket deira. Men Latin-Amerika er minst like risavhengig som Asia. Ja, faktum er at så mykje som halvparten av menneska i verda er avhengige av ris for å overleve.

Ris er verdas tredje viktigaste kornslag, etter mais og kveite. For ris er eit gras. Den viktigaste risarten heiter Oryza sativa, vert kring éin meter høg og har ein topp av einkorna småaks. Ris skil seg likevel frå andre grasartar ved at det må dyrkast i ståande vatn: Når spirene er mellom 25 og 50 dagar gamle, må dei plantast ut på jorde der det står mellom fem og ti centimeter vatn over jordoverflata.

Her har vi alt éi årsak til at vi kan sjå litt nærare på risforbruket vårt: Dette oksygenlause undervassjordbruket gjer i praksis jorda om til ei myr. Her heime har vi etter kvart vorte kjende med myrer som klimalager: Nede i myrene ligg store mengder av klimagassen metan. Det er heilt greitt, så lenge han ligg der nede og ikkje skadar nokon, men byrjar vi å grave i myra, vert vi fort klimasyndarar. Slik graving kjem ein ikkje unna i risproduksjon, og difor har ris monaleg høgare klimaavtrykk enn mange andre vegetabilske matvarer. Ein trur at ein stad mellom 8 og 15 prosent av dei globale metanutsleppa kjem frå risåkrar.

Ein kan likevel redusere metanproduksjonen frå risåkrane gjennom tiltak som å drenere åkeren delar av året. Men dette er krevjande tiltak som fort kan verte kostbare for produsentane. Kanskje er det vanskeleg å gjennomføre på all ris til heile verda. Og kven bør då få klimavenleg ris fyrst – og billegast?

64 prosent prisauke

I Brasil kostar ein kilo ris ein stad mellom fire og seks brasilianske real. Det vert mellom åtte og tolv norske kroner, noko som er om lag det same som den billegaste risen kostar her heime: ein fire kilos pose First Price Jasminris hos Meny kostar 9,73 kroner per kilo. Men der ein gjennomsnittleg nordmann har ei månadsløn på 47.290 kroner, er minimumsløna i Brasil 2090 kroner. Og prisen på ris har auka med 64 prosent dei siste tre månadene. Så å seie alle brasilianarar et ris og bønner to gongar om dagen. Det er altså krise.

Kvifor har prisane auka så mykje? Korona har sin finger med i spelet, men mest indirekte: Årsaka er auka global etterspurnad. Verda et meir heime, dei av oss med god råd investerer meir i matvarer no når det er mindre anna å bruke pengar på, og då et vi mellom anna meir ris. Det gjev mindre ris att på lokale marknader med mindre betalingsvilje. Mindre – og dyrare – ris. Ris færre har råd til.

Det lettaste vi kan gjere for å hjelpe brasilianarar med dårleg råd, er å halde fingrane frå risfatet. Vi kan ikkje gjere det med å dyrke vår eigen, for vi kan ikkje dyrke ris i Norden. Men havre, det kan vi dyrke, og det er nettopp det havreris består av: polerte havrekorn. Havre er til og med monaleg meir næringsrikt enn ris. Det einaste det ikkje er, er ris. Innhaldet må likevel få vere viktigare enn namnet:

Kjøper eg ris til middag i dag? Nei takk, eg held meg i nærleiken med havreris.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Halvparten av

menneska i verda er

avhengige av ris for

å få i seg halvparten

av kaloriane dei

treng.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis