🎧 Økologisk jordbruk
Omvegen kan vere like viktig som målet – også på jordet.
Det er ikkje lett å sjå om desse haustgrønsakene er økologiske eller ikkje, men det kan vere viktig.
Foto: pixnio.com
Lytt til artikkelen:
Lat oss byrje med eit overblikk. Denne spalta handlar om matproduksjon – ho skal forklare korleis mat vert produsert, og om det fins lurare og mindre lure måtar å gjere det på, for helsa, økonomien, matgleda og ikkje minst planeten vår. Ei av dei tydelegaste skiljelinjene i produksjon av mat på land, det vil seie jordbruk, går mellom det konvensjonelle og det økologiske.
Eg som skriv denne spalta, er utdanna økologisk agronom. Likevel er det to og eit halvt år sidan sist spalta handla om denne produksjonsforma, eller om skilnader på økologisk og konvensjonell matproduksjon.
Kvifor vart det slik? Eg er ikkje aleine. Det er mange som snakkar mindre om omlegging til – og fordelar og ulemper ved – økologisk landbruk no, enn det var for sju–åtte år sidan. I 2016 fjerna regjeringa målet om at 15 prosent av norsk jordbruk skulle vere økologisk ein gong i framtida. Det viser att i statistikkane: Det var mindre sertifisert drive økologisk areal i 2019 enn året før – 4,2 mot 5,5 prosent av det totale norske jordbruksarealet, for å vere nøyaktig.
Kanskje inneheld den siste setninga eit lite, men relevant forklaringsord: sertifisert. For å få kalle deg og produkta dine økologiske må du oppfylle krava i Debio-regelverket, som er eit firkanta sett med reglar som langt frå alltid stemmer overeins med kva som er mest berekraftig på nett din gard: Å drive økologisk skal jo til sjuande og sist handle om å produsere mest mogleg – men på premissa som kjem frå naturen. Du skal byggje lokale krinsløp. Då kan det høve dårleg å bruke 40 prosent importert kraftfôr, same om kraftfôret er produsert utan sprøytemiddel og kunstgjødsel.
Ikkje godt nok
Kanskje snakkar vi mindre om økologisk mat no fordi mange av oss som er kritiske til den dominerande produksjonsforma, veit at Debio-regelverket ikkje reddar verda aleine. Men – og her kjem ei god dose sjølvkritikk: Vi gjer klokt i å hugse at det ikkje er intensjonen det er noko gale med. Å skape eit alternativ til det importbaserte effektivitetsjordbruket, eit alternativ som set jordkvalitet og evigvarande berekraft i sentrum, er positivt – sjølv om det ikkje er ferdigutvikla.
I det siste har debatten om økologi livna til att. Årsaka er at fleire mjølkeprodusentar hjå Tine går attende til konvensjonell produksjon: Dei finn seg ikkje til rette under økoparaplyen, og/eller dei finn ikkje økonomi i produksjonsmetoden.
Det er mange årsaker til dette. Prispåslaget for økologisk mjølk frå samvirket Tine er 75 øre per liter. Oppgåva til eit samvirke er å skaffe mest mogleg meirverdi i marknaden for råvara eigarane leverer. Men det kan vere vanskeleg å marknadsføre ein liten del av råvarene ein får inn, som betre enn brorparten.
Bør det likevel vere slik?
Andregenerasjons økobonde Tor Jakob Solberg skriv fint om det i Nationen: Han samanliknar forholdet mellom økologisk og konvensjonelt jordbruk med korleis det var å få ein veslebror. Det var betre for meg utan han, meinte tre år gamle Tor Jakob. Men det ville kanskje vore betre for veslebror utan deg òg, meinte pappa.
Ein gong var sprøytemiddel det einaste som var godt nok mot insekt i konvensjonell bringebærproduksjon. Så kom dei økologiske og fann nyttedyra: Insekt og fuglar som ikkje plagar bringebæra, men som gjer seg nytte av skadedyra. No brukar så å seie alle bringebærprodusentar nyttedyr heller enn sprøytemiddel. På same vis har dei aller fleste norske drivhus vorte tilnærma sprøytemiddelfrie.
Ingen vil sprøyte eller importere meir enn naudsynt – men kva som er naudsynt, kjem an på auga som ser. Kanskje er Debio-regelverket for firkanta, mykje truleg er det konvensjonelle effektivitetsjaget lite berekraftig i lengda.
Mest truleg ligg løysinga atter ein gong ein stad langs den akk så vanskelege middelvegen: Verda kjem ikkje til å kvitte seg med kunstgjødsel med det fyrste. Men all den tid éin av tre ingrediensar i gjødsla – fosfor – er fossil og utvunne i gruver som går tomme ein gong, og det krev store mengder energi å vinne ut hovudingrediensen nitrogen av lufta, treng vi at nokon tenkjer på alternative måtar å tilføre næring til matjord på.
Noreg er blant dei rikaste verda i landa. Det er ikkje eit argument eg brukar ofte, men no tek eg meg råd til det: Noreg bør kunne ta seg råd til å dra meir av matproduksjonen i verda i ei evigvarande retning.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ingen vil sprøyte
eller importere meir
enn naudsynt.
Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.