¿ Nudlar
Av og til skal vi rett og slett late tala tale for seg.
Nudlar på boks – middag eller kos? Eller noko heilt anna?
Foto: BrokenSphere / Wikimedia Commons
Lytt til artikkelen:
Kvifor har vi nyttårsforsett og ikkje nyhaustforsett? Særleg i fyrste del av livet er det jo om hausten livet byrjar på nytt – eller tek heilt nye vegar: Sidan skulane sluttar om våren og byrjar om hausten, er det om hausten vi flyttar heimanfrå for fyrste gong, flyttar til ein heilt ny stad eller får vår fyrste jobb.
Slik som no. For mange av oss er det no vi, for fyrste gong, skal etablere våre eigne vanar. Lage eit liv på våre eigne premissar, utan nokon med meir erfaring fysisk til stades. Sjansane – og utfordringane – kan synast nærast endelause. Mest for dei som flyttar ut, sjølvsagt, men òg for dei som sit att heime: Klarar poden å kome seg i seng om kvelden? Opp om morgonen? Får ho i seg mat? Kva kjem ho til å ete – og ikkje minst: Kor mykje kan eg blande meg?
Det siste er nok særs individuelt, styrt av personlege forhold, kan du seie. Men om du no skal flytte ut eller verte fråflytta, vågar eg meg ut på å gje deg fylgjande råd med i bagasjen: Nudlar på boks er ikkje middag. Ikkje lunsj heller. Eller mellommåltid. Til nød kveldskos – som alternativ til chips. Kvifor? Gje meg ein liten augneblink.
Lite av det meste
Denne hausten kjem NorgesGruppens EMV-merke Eldorado med to nye nudelbollar, det vil seie plastboksar med tørre nudlar og krydder som du fyller med vatn og et rett frå boksen. Variantane har dei fengande namna Cheeky Chili, med smak av kimchi, og Tasty Thai, som smakar kylling. I begge høve legg vi vekt på ordet smak: Ingen av produkta inneheld nemleg ein einaste liten flik av produkta dei er laga for å smake som. Det er ikkje ein einaste bit fermentert kål, chili eller ingefær i Cheeky Chili, ikkje så mykje som eit lite kyllingbein i Tasty Thai.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.