¿ Mjølk og kjøt
Kumjølk og storfekjøt er to sider av same sak. Men å klare å lage passeleg mykje av begge to samtidig er vanskelegare enn ein skulle tru.
Ein burgar og osten på han kan kome frå same dyret, men det dyret kan ikkje halde fram med å levere ost.
Foto: Pxhere.com
Lytt til artikkelen:
At vi produserer mindre storfekjøt enn vi et, her i landet, er eigentleg ikkje noko nytt. Slik har det vore i ein del år: Importen har lege på 8000–9000 tonn i året. Men i år, i koronaåret 2020, vil sjølv ikkje det vere nok. Ikkje i nærleiken. Går det slik marknadsregulator Nortura trur, kjem vi til å produsere 17.000 tonn for lite storfekjøt i Noreg i 2020.
Kvifor? Fordi vi held oss i Noreg, mellom anna. Vi reiser sjeldnare til Sverige og andre såkalla billegland for å kjøpe kjøt, og sjølv når vi er i landet, er vi meir heime, på våre eigne kjøkken – og då kjøper vi fleire råvarer. Meir kjøt – og meir mjølk. Og meir mjølk, ja, det fører til mindre storfekjøt.
Igjen: Kvifor? I motsetnad til storfekjøtbransjen har mjølkebransjen i det siste slite med for mykje råstoff. Då forbodet mot å produsere subsidiert Jarlsberg for eksport kom, vart mjølketrongen kutta med 100 millionar liter årleg. Problemet har vore at norske kyr heller har mjølka for mykje enn for lite. Dette kuttet har så langt alle mjølkebønder teke flatt – gjennom at dei berre har fått lov å levere 95 prosent av mjølkekvota si.
Våren 2020 vart det mellombels slutt på avkortinga. Ja, nett no er Tine på nærast desperat jakt etter all mjølk dei kan få tak i. Om sommaren og tidleghausten har dei nemleg ledig kapasitet: Ein god del bønder stenger mjølkekranane om sommaren for å kunne sleppe kyrne på beite. Og enten beitet ligg i utmarka eller på fjellet, er det for mange for langt unna mjølkestallen eller -roboten til at mjølk og beite lèt seg kombinere. Ein trist effekt av eit effektiviseringsjag som har gått for langt, er at stølsdrift i Noreg i 2020 har vorte mest for idealistar og nostalgikarar.
Meir sommarmjølk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.