¿ Elgkjøt
Skogens konge er ikkje lett å få seld.
Perfekt tilpassa norske skogar, men kanskje ikkje like godt tilpassa den norske daglegvaremarknaden?
Foto: Paul Kleiven / NTB
Lytt til artikkelen:
Hausten kan seiast å vere ei tøff tid for skogens konge: Frå 25. september og fram til vesle julaftan vil drygt 60.000 jegerar sørge for at ein stad mellom 30.000 og 40.000 elgar fell for ei kule.
Synd for elgen, bra for oss, vil nokon hevde. Andre igjen vil meine vi skal halde fingrane av fatet. Atter andre seier at sidan det er kring 30 gonger så mykje elg i Noreg i dag enn det var for 60 år sidan, kan ikkje elgstammen som heilskap ha vondt av at det vert jakta litt på han. Kanskje fungerer det rett og slett, det kontrollerte uttaket, vil dei seie: Når vi tar ut ei visse mengde vaksne, unge og eldre dyr av begge kjønn, held elgstammen seg frisk og sunn.
Den diskusjonen skal vi ikkje ta her. Vi skal nøye oss med å slå fast at elgjakta førre sesong gav 3867 tonn elgkjøt, ifylgje Statistisk sentralbyrå, som reknar slaktevekta ut frå innmelde fellingar og gjennomsnittsvekt.
3867 tonn elgkjøt og bein, altså. Det svarar til kring 1,5 prosent av det firbeinte slaktet norsk jordbruk leverer kvart år: Av småfe, storfe og gris vert det årleg slakta kring 250.000 tonn. Ei forsvinnande lita mengde som vi likevel ikkje klarar å ete opp.
Trønderavisa skreiv i slutten av september om kjøtforedlaren Harry Dyrstad, eigar av verksemda Vilteksperten AS, som kjøper elgslakt frå jegerar i Trøndelag for vidaresal. Etter at Nortura og Coop slutta å ta inn elg i 2017, har han vorte sittande med 15–20 tonn elgkjøt på lager. Marknaden er ikkje der, seier Dyrstad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.