Ystaren
Synnøve Finden (1882–1957)
Foto: Borgen Atelier / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Synnøve Finden vart fødd på Finden, ein liten plass ved Sognefjorden, i 1882. Utdanna som meierist slo ho seg saman med Pernille Holmen og starta ein ostefabrikk på Vålerenga i Oslo i 1928. Finden døydde i 1957.
Kva var den viktigaste saka hennar?
Pultosten. Ho hadde jobba i fleire kolonialbutikkar i Oslo, sett korleis osten blei laga av gamal gulost og andre osterestar, og ville gjere han til ein kvalitetsost. Fabrikken voks raskt og hadde over tretti tilsette då krigen kom i 1940. Ho var produktorientert, fann opp stadig nye ostar, var råsterk, men sleit seg ut. Etter krigen var ho ikkje lenger aktiv. Ho fekk kaldbrann, blei blind på grunn av sukkersykje og levde tilbaketrekt i ein villa på Kjelsås saman med Pernille Holmen og dotter hennar med familie.
Kva meinte ho om samtida?
Fint lite, trur eg. Det eksisterer ei historie om at då dei tyske styresmaktene kom for å få adressa til ein slektning som hadde gått i dekning, måtte Pernille Holmen stoppe henne. Synnøve Finden forstod ikkje at ho var i ferd med å angi han til nazistane. Ho forstod i det heile tatt lite av kva som gjekk føre seg i verda rundt henne, og heldt seg til osten. Ho likte ikkje å føre regnskap og hata å betale skatt. Men då freden kom i 1945, drog ho til byen og kjøpte eit digert broderi av det norske riksvåpenet. Det ramma ho inn og hengde på veggen.
Kva innverknad hadde ho på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.